Sunnfjord vart rocka og rysta

ROCKA: mang ein sunnfjording blei rocka og rysta langt inn i sjela, då spelet rundt «ordførartingingane» blei gjort kjen. på bildet;  Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane.

ROCKA: mang ein sunnfjording blei rocka og rysta langt inn i sjela, då spelet rundt «ordførartingingane» blei gjort kjen. på bildet; Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev06.09.2019 uttalte Gunn Merete Pulsen (V) dette: «Venstre vil rocke Sunnfjord».

Ja, ho fekk meir enn rett ... mang ein sunnfjording blei rocka og rysta langt inn i sjela, då spelet rundt «ordførartingingane» blei gjort kjent ... heilt til rikspressa og regionhovudstaden breidde sjokkbølga seg – og Bergens Tidende skreiv på leiarplass laurdag 14.09.2019 om «rockekameratane» til Paulsen:

«Det er ikkje berre Senterpartiet som har eit forklaringsproblem. Det har og Høgre . . Slik det ser ut no, er det umogeleg å fjerne mistanken om at Høgre har kjøpt seg til makt med skattebetalarane sine pengar».

Hovudargumentet som blei brukt for å auke varaordførarjobben til full stilling, var at ein ordførar og ein varaordførar i halv stilling ikkje kan erstatte 8 ordførarar og varaordførarar frå dei fire samanslåings-kommunane.

Denne samankoplinga er sjølvsagt det reinaste vås og tåkeprat: Ordførarstillinga er ein jobb uansett kor mange kommunar som slår seg saman. Tilsvarande er det med varaordføraren, – og fellesnemnda gjorde eit klokt vedtak om å fastsetje endeleg storleik på stillinga til etter at omfanget av arbeidet avteikna seg. Desse to ordførar-stakkarane må då sleppe å gjere arbeid for 8 – dei har då berre lønn i millionklassen.

Forklaringsproblema kom også tydeleg til uttrykk på pressekonferanse den 12.09.2019 i rådhuset i Førde.
Der brukte Paulsen og Grotle generelle vendingar og flosklar som; «byggje sterk Sunnfjord kommune», «vere framoverlent» og «etablere eit profesjonelt, politisk nivå».

– Det er vel ikkje særleg profesjonelt å start byggjearbeidet med å svekke omdømmet til den nye kommunen? ... – og kanskje kunne ordføraren unngått å gå på trynet om han ikkje hadde vore så «framoverlent» at det susa i øyra, slik at han ikkje kunne høyre den motbøren som Navelsaker gav han?

Senterpartiet si rolle i denne saka manglar truleg sidestykke i norsk, politisk historie:


– først leggje ned veto i fellesnemnda mot at varaordførarstillinga skulle aukast over 30 % – så krevje 100 % stilling i tingingar med Arbeidarpartiet – så inngå avtale om 50 % stilling med AP – så komme tilbake til forhandlingar med AP etter hestehandel med Høgre og krevje 100 % stilling att.

Er dette politisk amatørisme, griskheit og mangel på truverd, ... eller er det godt, realpolitisk handverk? – Leiaren i Bergens Tidende har gitt svaret.

Kva så med dei to siste av «rocke-kameratane» – Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne – kvar har dei gøymt seg?

Kanskje har MDG mindre flyskam og kjøtskam enn oss andre – men i denne saka har dei i alle fall påført seg sjølve stor «varaordførar-skam».

KRF sit vel også i skammekroken og påfører seg sjølv mild sjølvpisking? Dei skjønar nok at veljarane har høge forventningar til eit parti som kallar seg verdiparti, og som tradisjonelt har hatt høg standard på moral og etikk? MDG og KRF – vi saknar dykkar skildring av denne «hekse-rocken».

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags