Stopp Acer – før det er for seint!

Av
DEL

Meiningar

I fjor hadde vi ein intens politisk diskusjon om Norge skulle bli medlem i EUs energibyrå Acer. Spørsmålet engasjerte alle politiske parti, mange frivillige miljøorganisasjonar og nesten heile folket. Vi hugsar vel alle dei meir enn 90 Ap-ordførarane frå industrikommunane (m.a. Høyanger) som frykta høgre straumprisar, og som sa eit rungande NEI!

Men det var det lita hjelp i for det enda med at eit splitta Ap på Stortinget sørga for eit knapt fleirtal for Acer og EUs energipakke 3.

Alt før Norge har rokke å innføre Energipakke 3 har EU vedteke energipakke 4. Presset for å vedta den nye energipakken kjem til å bli stort, og like spennande som i fjor.

Energipakke 4 består av fire forordningar og fire direktiv som til saman overfører betydeleg makt over nettutvikling, utanlandskablar og investeringsplanar frå Norge til EU. Dette vil skje på ulike måtar, men til saman kjem endringane til å ta frå oss kontrollen med norsk energipolitikk – sakte, men sikkert. Dette er svært urovekkjande!

I energipakke 4 blir Statnett m.a. pålagt å legge tiårsplanar for nettutvikling, og Acers underliggande organ Reguleringsmyndighet for Energi (RME) som det så vakkert heiter, skal passe på at planane følger EUs utviklingsplan.

Statnett må altså planlegge slik EU vil. Viss ikkje Statnett set i verk bygging av det EU vil i løpet av tre år, kan RME tvinge det gjennom. Med andre ord: Viss EU vil ha fleire kablar ut av Norge for eksport av straum, kan EU i praksis tvinge det gjennom – viss vi sluttar oss til Energipakke 4.

Denne pakken blir som eit stramt halsband rundt halsen på norsk energipolitikk. Vi får svært lite handlingsrom til sjølv å bestemme korleis nettet skal sjå ut, kor krafta skal gå og kven som skal betale for denne «moroa».

Acer skal sørge for fri flyt av straum. Det tyder at dei følger nøye med på straumprisen og med ein gong slår ned på statleg innblanding. I klartekst: Viss Stortinget ein ekstra kald vinter synest straumprisen er for høg, vil våre folkevalde ikkje kunne gjere noko for å endre den. Den avgjerda er det EU og Acer som tek.

Det var dette Nei til EU åtvara mot i 2018, då vi ikkje trudde på statsministeren og Ap- Støre og Bart Eide som lova at dette ikkje var noko problem då dei fekk oss inn i Acer.

Men det er det altså – eit stort problem, og vi må avstå suverenitet til EU.

Vi gir også frå oss råderett til EU, ikkje berre på eigne vegne, men også på barn og barnebarns vegne. Kan vi det? Dette er for alvorleg til at vi må la det skje!

Det er snart val. Stem for all del på eit parti som seier NEI til EUs energipakke 4!

Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags