Misbruk av skattepengar til oppkjøp av makt på kostnad av velferden

MISBRUK: Raudt vil påstå at dette liknar mest på politisk korrupsjon for opne dører, og ikkje minst misbruk av skattepengar til oppkjøp av makt på kostnad av velferda i kommunen, skriv artikkeforfattarane, ein av dei er Magnar Falkenstein (bildet).

MISBRUK: Raudt vil påstå at dette liknar mest på politisk korrupsjon for opne dører, og ikkje minst misbruk av skattepengar til oppkjøp av makt på kostnad av velferda i kommunen, skriv artikkeforfattarane, ein av dei er Magnar Falkenstein (bildet). Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet har skjedd noko nytt i lokalpolitikken, noko som vi med opne auge ikkje trudde kunne skje. Ved sonderingar og forhandlingar om kven som skulle bli ordførar i Sunnfjord kommune blir det på bakrommet oppretta ei heiltidsstilling for varaordføraren.

Den kostar det same som ordførarposten og det same som fylkesordføraren (som var jo Jenny Følling sin gamle jobb), eller 1.300.000 kr i året.

Fellesnemnda har sett denne stillinga til å vere ei 30 % stilling som skulle lønes med 390.000 kr.
Jenny Følling og SP hadde i sine forhandlingar med AP stilt krav om ei heiltidsstilling for varaordføraren. Men då AP ikkje var villige til å gå lengre enn til 50 % stilling, då gjekk Jenny Følling til Olve Grotle og Høgre med same krav. Olve hadde synleg ikkje nokre moralske skruplar med slik bruk av innbyggarane sine skattepengar – han fekk makta som føl ordførarstillinga og med kr 1.300.000 årsløn i byte!

Vi innbyggjarane legg og merke til at på ingen tidspunkt i disse forhandlingane, diskuterte SP og Høgre politikk, berre pengar og posisjonar! Kva kallas slikt: korrupsjon eller «normal» hestehandel?

Raudt vil påstå at dette liknar mest på politisk korrupsjon for opne dører, og ikkje minst misbruk av skattepengar til oppkjøp av makt på kostnad av velferda i kommunen. Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet har stått fram rakrygga og avvist denne måten å drive politikk på. Sunnfjord kommune slit med eit underskot på 40 millionar årleg, då blir det i det minste eit svært dårleg signal å koste på seg ein kjøpt varaordførar til ein prislapp på 910.000 kr utover det Fellesnemnda var blitt samde om. Den umiddelbare prislappen for SP og Høgre sin hestehandel er absolutt pengar som kunne bli brukt på å styrke velferda i kommunen.

Vi skal heller ikkje gløyme at KrF, Venstre og MDG godtok denne hestehandelen for ein plass i formannskapet.
Raudt vil forfølge denne saka i kommunestyret og vil krevje at Fellesnemnda sine framlegg blir gjenstand for fornya realitetshandsaming. Allereie no har bakromspolitikk og kjøp og sal av maktposisjonar fått alvorlege budsjettmessige konsekvensar for Sunnfjord kommune. Dette er ikkje måten å drive politikk på.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags