Meir tid til det viktigaste

1.KANDIDAT: Norunn Lunde Furnes er førstekandidaten til KrF ved valet i Sunnfjord.

1.KANDIDAT: Norunn Lunde Furnes er førstekandidaten til KrF ved valet i Sunnfjord. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Sunnfjord KrF meiner at ein god barndom varer heile livet. Då er det viktig at samfunnet har tilbod om ulike ordningar fordi familiar er ikkje like. Her er nokre saker som viser kvifor KrF kallar seg Familiepartiet i Sunnfjord:

Vi skal ha gode barnehagar til alle og foreldre til eittåringane skal kunne velje mellom kontantstøtte og barnehage. Mange fedre eller mødre synest tida med barnet dei første leveåra er så viktig at dei vil vere mest muleg med barnet sitt sjølv om dei veit at i barnehagen er det dyktige tilsette. Tida med barnet kjem aldri tilbake, difor er valfridomen viktig.

KrF var einaste partiet på Stortinget som stemte mot den nye ordninga med betalt foreldrepermisjon. Familiar er ulike og foreldre må i stor grad få bestemme kven av dei som skal bruke permisjonstida

Vidareføre gratis kjernetid i barnehage for barn i låginntektsfamiliar, samt redusert foreldrebetaling og behalde barnetillegget i uføretrygda.

Auke barnetrygda og syte for at i Sunnfjord kommune skal den ikkje reknast med i inntektsgrunnlaget for sosial stønad.

Å vere med vener på ein fritidsaktivitet er viktig for mange barn og unge. Fleire kjenner på einsemd og utanforskap på grunn av familien sin økonomi, det kan fritidskortet gjere noko med. KrF vil at alle barn og unge skal ha eit verdikort på minimum kr 2000, og vi vil ha eit samarbeid med frivillige organisasjonar og barnerepresentantar i kommunen vår for å finne ut korleis dette kortet skal fungere best muleg.

KrF meiner at gode SFO ordningar er viktig, men det må vere frivillig. Vi ynskjer ikkje heildagsskulen i Sunnfjord.

Vi vil ha fleire lærarar med tid til den enkelte eleven og undervisninga framfor gratis skulemat til alle elevane i Sunnfjord.

Lekser i skulen må vere tilpassa den enkelte eleven. Øving og repetisjonar må til for å meistre, difor er det viktig at leksene er tid brukt til dette

Kommunen skal tilby leksehjelp, men foreldre må også få følgje med barnet sitt og syne interesse for skulearbeidet. Vi trur det er ein suksessfaktor for dei gode resultata i skulane i Sunnfjord.

KrF meiner at gang og sykkelvegar til barneskulane våre er viktig fordi det kan sikre at fleire elevar går eller syklar til skulen. Tid brukt til fysisk aktivitet er god folkehelse. Gang og sykkelvegar er tryggare for alle.

Alkoholfrie soner der barn og unge ferdast. KrF vil arbeide for dette for å førebygge og utsetje debutalder for alkohol og rus sidan det har stor innverknad på resten av livet og kan vere starten på eksperimentering med anna rus.

Sunnfjord KrF meiner at øl og vin ikkje er ei daglegvare som treng å seljast frå morgon til kveld. Vi meiner dette ut frå eit solidaritetsprinsipp med alkoholikarar og deira pårørande som ser dette som ei stor dagleg utfordring.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags