Kvifor sit Grotle og Følling i ro?

Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane og til å møte pressa på Sunnfjord hotell.

Olve Grotle (H) og Jenny Følling (Sp) på veg ut av forhandlingane og til å møte pressa på Sunnfjord hotell. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Som tidlegare politikar og redaktør har eg sjølvsagt følgt med i saka om varaordførar i nye Sunnfjord kommune. Undrande sit eg att med fleire spørsmål som knyter seg både til det juridiske og pressenormative saksfeltet.

Sentrale samfunnsaktørar har kommentert saka ut frå fleire vinklar. Mest presis og mest prinsipiell er som vanleg tidlegare fylkesrådmann Svein Lundevall. Han samanfattar lesarinnlegget sitt her i «Firda» med spørsmålet om ei partipolitisk alliansebygging kan kittast eller limast til ei personleg løn til ein varaordførar.

Kittinga skjedde motstrid til gjeldande vedtak i lovleg organ, Fellesnemnda. Dette er eit så viktig spørsmål, også i ettertid, at ein kan ikkje overlata svaret til dei lokale aktørane i saka i dag. Dette må Kommunal- og moderniseringsdepartementet greia ut og gå til botn i elles vil ein kunna hevda at vedtak i fellesnemnder berre er ein uforpliktande barneleik.

Fleire har nytta omgrepet korrupsjon om denne saka. Ordet er nytta fleire gonger i lesarinnlegg i «Firda» og er knytt til bestemte personar. Å få slike omgrep limt til seg er det verste ein norsk politikar kan oppleva.

Som redaktør ville eg aldri ha våga og publisert innlegg med slike merkelappar. Eg er fullstendig klar over at bestemmelsen i straffeloven om «å erklære påstandar døde og maktesløyse» er endra sidan mi redaktørtid. Men eg er særs interessert i å få vita kva for vurderingar redaktøren i «Firda» gjorde seg då han valde å publisera lesarinnlegg/intervju der dette omgrepet er brukt og personlimt. Normalt vil slike saker hamna i Pressens faglege utval. (PFU).

Mest forundra er eg over at Olve Grotle og Jenny Følling så langt verken har tatt presseetiske eller privatrettslege steg for å reinvaska seg frå uhyrlege skuldingar.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags