Kristentrua har løfta nasjonen

TRU: Det er ikkje fisk, olje eller sosialismens vilje til å bestemme og begrense som har gjort Norge til ein internasjonal suksess. Det er den tusen år lange forankringa i kristentrua som løfta oss opp og fram som nasjon skriv f.v. Egil Amsrud, Vågsøy,  Karin Tea, Flora  og Mindor Tonheim, Flora.

TRU: Det er ikkje fisk, olje eller sosialismens vilje til å bestemme og begrense som har gjort Norge til ein internasjonal suksess. Det er den tusen år lange forankringa i kristentrua som løfta oss opp og fram som nasjon skriv f.v. Egil Amsrud, Vågsøy, Karin Tea, Flora og Mindor Tonheim, Flora. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Det blir sagt at kristne veljarar må stå saman, og at det ikkje er nokon skilnad mellom Partiet De Kristne (PDK) og KrF. Men det viser seg at veljarar som deler tru ikkje alltid deler syn på rett og galt i politikken. Dette er det etter kvart mange døme på.

Vårt «gamle» parti, KrF, overraska mange veljarar t.d. ved, saman med AP, å syte for å få vedteke ei ny (totalitær?) likestillings- og diskrimineringslov i Stortinget, som vil kunne føre til fengselstraff for foreldre (også KrF-medlemer!) som i sitt familieliv, og i tråd med Grunnlova paragraf 2, formidlar den kristne arven til barna sin. 

Eller når KrF viser si støtte til Pride og organisasjonen Fri, som openlyst vil bryte ned sunne, naturlege og gudgitte normer i samfunnet. PDK vil gjere om denne lova, og vi tek avstand frå ideologien bak Pride. Årets val er rett nok eit lokalval, og der kan sjølvsagt standpunkta variere, men desse og andre verdispørsmål vil vere relevante på alle nivå i norsk politikk framover.

Treng du ein «velgerguide» så er her ein liten oversikt over kva PDK, KrF. og FrP står for i nokre andre typiske verdispørsmål, så kan du sjølv finne ut kven som representerer deg og dine meiningar best:

Melde Norge ut av EØS - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Nei. Gi aktiv støtte til «Rosa kompetanse» i skule og barnehage - PDK: Nei. KrF: Ja. FrP: Ja. Lovfeste ekteskapet til å gjelde èin mann og èi kvinne - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Nei.
Flytte den norske ambassaden til Jerusalem no - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Nei.
Anerkjenne Israels rett til Golanhøgdene - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Nei.
Stramme inn abortlova ytterlegare no - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Nei.
Redusere bompengebelastninga - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Ja.
Kvalitetssikre barnevernet - PDK: Ja. KrF: Nei. FrP: Ja. (Kjelde: Norge I dag)

Det er ikkje fisk, olje eller sosialismens vilje til å bestemme og begrense som har gjort Norge til ein internasjonal suksess. Det er den tusen år lange forankringa i kristentrua som løfta oss opp og fram som nasjon, både moralsk og økonomisk, frå vikingtida sitt blodige mørke til eit samfunn med fridom og tryggleik for alle, som menneske flyktar til – og ikkje frå.

Partiet De Kristne ser framover og vil bygge vidare på fast grunn. Vi kombinerer liberalismens respekt for enkeltmenneske med tradisjonelle kristne verdiar, som ansvar og omsorg for andre, og finn oppskrifta på eit samfunn som er fritt og trygt for alle – uansett kven du er og kvar du kjem frå. Og det nyttar: PDK har ikkje berre Norges beste program (sjå www.dekristne.no), men ei rekke dyktige folkevalde som alt er på plass i kommunestyrer ulike stader i landet, og fleire vil det bli 9. september.

Vi er einig i at kristne veljarar helst bør stå saman, men då må vi stå saman om dei beste løysingane. Stem trygt, til kommune og fylke, stem Partiet De Kristne! Godt val !

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags