Godtgjersler i etikkens grenseland

Av
DEL

LesarbrevEg vil påstå at eg både ut frå min faglege bakgrunn og mi yrkesrøynsle som fylkesrådmann gjennom 20 år har eit visst grunnlag for vurdere kva det eigentlege innhaldet i varaordførarfunksjonen er.

Lov for kommunar og fylkeskommunar regulerer i kva grad varaordføraren skal gå inn i rolla som ordførar når sistnemnde sjølv ikkje kan utøve denne funksjonen. Utover det står det ordføraren fritt til sjølv å avgjere kven som skal vere hans representant i ulike samanhengar. Vervet som varaordførar treng såleis ikkje vere særskilt byrdefullt. T.d. kan det argumenterast for at leiaren av hovudutval ber eit større ansvar og møter ei større arbeidsbør.

Så vidt eg kan minnast var Julius Fure den første fylkesvaraordføraren som fekk ei fast godtgjersle. Den viste seg å vere så knapp at det ikkje eingong dekka det andre i fylkesutvalet fekk som total møtegodtgjersle. Då vi i administrasjonen vart klår over dette, tok vi initiativet til ei forsiktig etterjustering av godtgjersla opp til neppe meir 10 pst over det andre fylkesutvalsmedlemer fekk gjennom eitt år.

Det kan neppe hevdast at hans innsats, i full forståing med fylkesordføraren, stod noko tilbake for nokon av hans etterfølgjarar som fylkesvaraordførar. Sidan har magemålet for godtgjersler for fylkesvaraordførarar auka langt meir enn arbeidsbør og ansvar. Til tider kan det også ha verka til å legitimere meir uklåre rolledelingar.

Eg registrerer at partia likevel legg vekt på å få (fylkes-)varaordføraren når dei ikkje kan få ordføraren. Kvifor det er blitt slik krev ei breiare tilnærming enn innanfor ramma av ein avisartikkel. Men i aukande grad har godtgjerslenivået for fylkesvaraordførar vorte eit verkemiddel for å kitte saman partikoalisjonar for den enkelte valperiode. Sunnfjord kommune synest no å opne for tilsvarande mekanismar på kommunenivå.

Det finst ingen «objektive» mål på kva som vil vere den nedre eller øvre grense for «anstendige» utgangsnivå for godtgjersler for folkevalde. Men eg vil påstå at dersom ein ikkje set eit skarpare skilje mellom det å fordele politiske verv og det å fastsetje politikargodtgjersler, kan ein fort kome over i korrupsjonens grenseland og etter kvart endå lenger. Den etiske refleksjon bør aktiverast lenge før ein kjem så langt.

Ein kunne ha utbytte av å studere nærare ordninga som Stortinget har skipa for sine representantar og regjeringa sine medlemer. Eg siktar då til ordninga med «Stortingets lønnskommisjon». «Kommisjonen skal en gang i året overveie om godtgjørelsene bør endres, og legge sine beslutninger fram for Presidentskapet. Kommisjonen skal grunngi sine beslutninger. Kommisjonen kan engasjere sekretær og sakkyndig bistand».

«Kommisjonens vurdering og fastsettelse skjer på fritt grunnlag. Godtgjørelsene fastsettes enten til bestemte kronebeløp eller i forhold til andre satser eller beløp.»

Pr. dato har kommisjonen slik samansetnad:
Leiar: Dagleg leiar Inger Prebensen, professor Nils-Henrik von der Fehr, sorenskrivar i Oslo Tingrett Geir Engebretsen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags