Gje oss større mangfald i kommunestyra!

MENN: Det er framleis middelaldrande menn som dominerer i dei folkevalde organa. All ære til desse mennene, som står på og bidreg i den dugnaden det er å vere lokalpolitikar. Men dei kan ikkje gjere denne jobben åleine, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Førde bystyre  der Helge Schei (SV), Turid Vallestad (SV), Marius Dalin (MDG), Rune Hegrenes (Sp), Ole Johnny Stubhaug (Sp) og Steffen Fjørstad (Sp) er i debatt.

MENN: Det er framleis middelaldrande menn som dominerer i dei folkevalde organa. All ære til desse mennene, som står på og bidreg i den dugnaden det er å vere lokalpolitikar. Men dei kan ikkje gjere denne jobben åleine, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Førde bystyre der Helge Schei (SV), Turid Vallestad (SV), Marius Dalin (MDG), Rune Hegrenes (Sp), Ole Johnny Stubhaug (Sp) og Steffen Fjørstad (Sp) er i debatt. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Lokalpolitikken er framleis ein mannsbastion, og det er framleis middelaldrande menn som dominerer i dei folkevalde organa rundt om i landet. Dette er ikkje godt nok.

Om få veker er det kommune- og fylkestingsval. Om du er ein erfaren veljar eller har stemmerett for aller første gong, så håpar eg du gler deg til å bruke stemmeretten. Vi stemmer sjølvsagt på parti, men ved lokalval stemmer vi også på personar.

I desse dagar er valkampen godt i gang, og frå 10. august er det ope for førehandsstemming. Kandidatane på listene skal representere eit breitt spekter av befolkninga, basert på mellom anna kjønn, yrkesbakgrunn, alder og kor ein bur. Sjølv om det er vanleg praksis å ta omsyn til desse faktorane, ser vi at ikkje alle vert like godt representerte etter valet.

Det er framleis middelaldrande menn som dominerer i dei folkevalde organa. All ære til desse mennene, som står på og bidreg i den dugnaden det er å vere lokalpolitikar. Men dei kan ikkje gjere denne jobben åleine.

Sjølv om valresultatet i 2015 enda med den største kvinneandelen nokon sinne på landsbasis, med 39 prosent, er det enno ein veg å gå. Her i Nordfjord vart kvinneandelen i dei ulike kommunestyra berre på rundt 30 prosent, noko eg meiner er altfor lite.

Andelen kvinner som stiller til val i år er relativt uendra frå førre val. Likevel har berre 10 av dei 356 framtidige kommunane fleire kvinner enn menn på listene.

Samanlikna med den stemmeberettiga befolkninga er kvinner over 60 og unge kvinner aller dårlegast representerte i kommunestyra. Når så få som 30 av 426 kommunestyre i Norge har fleire kvinner enn menn er dette eit strukturelt problem, ikkje berre eit uheldig resultat av enkeltval.

Eit første krav må vere at partia stiller lister med god kjønnsbalanse, som speglar samfunnet vi lever i. Det finst mange flinke, modige og tøffe kvinner som vil ha mykje å bidra med i kommunestyra, om veljarane berre let dei få sjansen. Noko anna vil eg hevde er lite ambisiøst for framtida.

Skal vi få eit godt og demokratisk val, meiner eg fleire av veljarane må bruke personstemmer. Fleire må krysse kvinner, krysse ungdom, krysse pensjonistar og krysse nokon med minoritetsbakgrunn. Det er eit samfunnsproblem når demokratiske organ som fylkesting og kommunestyre ikkje speglar av befolkninga elles.

Trass i at dei fleste etablerte politiske parti i større eller mindre grad har ei form for kjønnsfordeling på sine kandidatlister, kan ein sjå ei klar skeivfordeling i kor mange kvinner og menn som faktisk vert valde inn i folkevalde organ. Det er partia som nominerer kandidatar til listene, men det er likevel veljarane som til sjuande og sist bestemmer nøyaktig kven som skal komme inn i dei ulike kommunestyra. Då syner det seg at menn kryssar for menn, og kvinner kryssar for menn. Betyr det at folk flest meiner menn er betre skikka til å vere folkevald? Det trur eg ikkje.

Vi treng nye synsvinklar som utfordrar etablerte tankesett. Det bør endå fleire kvinner og menn sørge for at vi får, ved å vere bevisste når ein brukar stemmeretten. Slik får vi eit større mangfald.

Så medan du ventar på neste høve til å gå til stemmeurnene, kan du kanskje bruke sommaren til å tenkje litt over kven du ønsker skal representere deg og oss dei neste fire åra. Ønsker du eigentleg å stemme på eit parti som berre finn plass til nokre få kvinner på lista si?

Skal vi få gode og demokratiske folkevalde organ, må langt fleire krysse for kvinner. Kanskje du også endar opp med å krysse ei kvinne?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags