Vern om barnetrygda!

Av
DEL

LesarbrevGloppen kommune er ein av mange som har ein praksis der vi reknar barnetrygd som inntekt. Det vil seie at for dei barnefamiliane i kommunen som tek imot sosialstønad, så kuttar kommunen i stønaden deira tilsvarande det dei får i barnetrygd. For alle andre grupper, også dei rikare, kjem denne i tillegg til all anna inntekt. Her i Gloppen er det dei fattigaste som får kutt.

Vi i Gloppen SV vil arbeide for å få ein slutt på denne praksisen. I denne perioden fekk SV opp ei eiga sak om dette i kommunestyret. Den gongen fekk vi vite at kommunen sparte om lag 500 000- 1 000 000 kroner årleg ved å halde på praksisen. Eit stort fleirtal i kommunestyret ville halde fram med dette. Vi i SV tykkjer det er feil at nokre av dei fattigaste menneska i kommunen skal få det endå vanskelegare for å gjere det lettare å få budsjettet til å gå opp. Eg garanterer at vi vil arbeide for å få saka opp på nytt i komande periode. Eit nytt fleirtal kan gi håp om endring.

Barnetrygda er ei omfordeling av fellesskapet sine midlar til familiar med barn. Barnetrygda skal vere eit universelt gode, som kjem i tillegg til eiga inntekt, uansett kor stor eller lita den er. Dei som får sosialhjelp får det fordi dei ikkje har høve til å få anna inntekt, og dei får denne hjelpa for å kome seg gjennom ein vanskeleg periode. Vi veit at ein god oppvekst varer heile livet, og då er det ekstra viktig at når dei vaksne får sosialstønad så skal det ha minst mogleg negativ påverknad for borna. Om lag ti prosent av born i Gloppen lev i det som kallast ein familie med vedvarande låginntekt. I 2013 var andelen 7 %. Altså har vi på seks år sett ei auke i barnefattigdomen i kommunen på om lag 30 %. Ei liknande utvikling har vi sett i så godt som heile landet. Pila peikar feil veg for stadig fleire, i det som Regjeringa kallar ein økonomi som går godt.

For mange går ikkje økonomien så godt. Vi har som samfunn eit ansvar, og ei interesse i å hjelpe dei som har det vanskeleg. Det er på høg tid at vi som kommune tek reelle grep for å avgrense veksten i barnefattigdomen, og at vi sluttar å ta barnetrygda frå vanskelegstilte familiar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags