Deltid gir dårlegare omsorg

Randi Aven

Randi Aven Foto:

Av
DEL

LesarbrevFagforbundet vil oppmode våre medlemmer til å stemme fram politikarar som vil det same som oss i saker som er viktige for våre medlemmer. Mange av Fagforbundet sine medlemmer skal i haust velje sine eigne arbeidsgjevarar i kommunevalet – kommunepolitikarar som skal avgjere om våre medlemmer skal ha heile stillingar, trygge jobbar og ein god pensjon, politikarar som skal bestemme om vi som innbyggarar skal få gode velferdstenester. Difor engasjerer vi i Fagforbundet oss i valkampen.

Retten til heile og faste stillingar er Fagforbundets si viktigaste sak i valkampen i år. Det er eit samfunnsproblem at 70 til 80 prosent av dei tilsette i helse- og omsorgstenestene jobbar deltid. Andelen er høg også innan reinhald, skulefritidsordninga og tekniske tenester. Fagforbundet vil difor gjere lokalvalkampen til ein kamp mot deltidskrisa. Det er uverdig at mange tusen fagarbeidarar har så små stillingar at dei ikkje får ei løn å leve av. Deltidskrisa fører til dårlegare omsorg for brukarane av helse- og omsorgstenestene, svekka rekruttering av helsepersonell og uklok bruk av velferdskronene. Vi vil velje politikarar som vil skape ein heiltidskultur og som forpliktar seg til å prioritere større stillingar og styrka kompetanse.

Kommune-Norge kjøper årleg inn private tenester for store milliardbeløp. Difor har kommunane eit stort ansvar for å hindre at norske løns- og arbeidsvilkår vert undergravne. Dei seinare åra har vi sett at sosial dumping brer om seg i kommunalt finansierte velferdstenester, som i Aleris/Stendi-saka. Fagforbundet vil mobilisere for at det vert innført reglar og tiltak mot sosial dumping i alle kommunale oppdrag, også innan helse og omsorg.

Fagforbundet vil at fellesskapet sine pengar skal gje gode velferdstenester til innbyggarane, ikkje profitt til kommersielle selskap. Difor jobbar vi mot privatisering og konkurranseutsetting i kommunane. Vi vil rose dei raudgrøne kommunane som har tatt tenester tilbake til eiga drift etter valet i 2015. Samtidig vil vi minne alle våre medlemmer om at høgrepartia mange stadar går inn for å reversere dette, og vil sette nye tenester ut på anbod. Valet i haust står difor mellom politikarar som vil ha trygge og gode tenester i offentleg regi, eller politikarar som vil eksperimentere med privatisering og kommersielle selskap.

Fagforbundet vil ha eit meir rettferdig samfunn, med meir fellesskap, meir samhald og eit trygt og inkluderande arbeidsliv.
Bruk stemmeretten 9. september!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags