Ungdomen kan avgjere valet

Av
DEL

LesarbrevDei unge er ofte meir engasjert enn eldre. Dei deltek oftare i demonstrasjonar, nettaktivisme og i organisasjonar.

Vi har sett korleis skulestreiken for klima har blitt ei global rørsle, og i førre veke tok tusenvis av menneske til gatene over heile landet for å brøle i protest mot dårleg klimapolitikk.

Mange frå Fjaler har også deltatt i skulestreiken. For mens Amazonas brenner og regjeringa har krangla om bompengar i mange veker, er ungdomen lei handlingslamminga. Dei ber om politikarar som tør å setje klima, natur og miljø øvst på agendaen. Dei har skjønt det som mange rikspolitikarar nektar å ta inn over seg, at viss vi øydelegg miljøet så øydelegg vi berre for oss sjølv.

Heldigvis er det ikkje berre stortingspolitikarane som bestemmer over norsk klima- og miljøpolitikk; alle utslepp og all naturøydelegging skjer jo i ein kommune. Viss vi aukar utsleppsmålet for alle kommunane frå 45 til 60 prosent innan 2030, inneber det å kutte 5,6 millionar tonn CO₂ – det er meir enn utsleppa frå personbilparken. Det går an å gjennomføre viss vi har politisk vilje til å gjere det. MDG har viljen og er det einaste partiet i Fjaler som har talfesta eit mål om klimagasskutt innan 2030 i sitt partiprogram, nemleg 60 %.

MDG vil at klima- og miljøomsyn skal gjennomsyre alle kommunale avgjerder. Vi vil at Fjaler skal innføre eit klimabudsjett for å halde orden på kor mykje utslepp vi kutter ved å stanse nedbygging av matjord, investere i gang- og sykkelvegar, bygge fleire ladestasjonar for elektriske biler, effektivisere kommunale bygg, stille miljø- og klimakrav i alle anskaffingar, og aller viktigast: Verne dei vakre og verdifulle naturområda vi har i kommunen, særleg mot utbygging av landbasert vindkraftindustri.

Streik er bra. Men det er stemmene som avgjer.

Vi er mange foreldre og besteforeldre som har blitt rørt og påverka av våre barn det siste året i klimaengasjementet. Er det éin ting vi vaksne må ta med oss frå streikane, så er det dette: Tida for handling er NÅ og den komande generasjonen sitt tolmod er oppbrukt.
Men ved førre val stemte under halvparten av dei under 30 år. Det viktigaste ein kan gjere for å forhindre dårleg klimapolitikk, er å stemme ved lokalvalet i år. Om ungdomen tek med seg engasjementet frå streikane til stemmelokala i år kan det bli dei som avgjer valet.

MDG er ærleg om utfordringane vi står ovanfor og har politikken som er best for klima, miljø, menneske og naturen. Vi tek vare på tenester og kjemper mot fattigdom, samtidig som vi stiller strenge krav for klimaet og miljøet.
Nå er det opp til både vaksne og ungdomen å ta ansvar, til beste for menneske og miljø.
Røyst MDG. Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags