Skam eller ikkje skam?

Åge Avedal, Venstre

Åge Avedal, Venstre Foto:

Av
DEL

LesarbrevHøgremannen Tore Fossen kjenner inga skam, skriv han i eit lesarbrev i Firda. Han kjenner ikkje skam over å fly, ete kjøt, køyre bil, be om plastpose eller over å ikkje kjempe imot vindmøller. Tore er «inderleg lei av at valkampen nesten utelukkande handlar om miljø, miljøkrise og bompengar», skriv han. Vidare nemner han at han vil jobbe for tryggare vegar, breibandutbygging, helsevesen, skule, barnehagar, næringsutvikling – og miljø.

Eg er einig med Tore i mykje. Men når han er «inderleg lei» av at valkampen handlar for mykje om miljø og klimakrisa, så blir eg litt trist. Det skulle berre mangle, tenkjer eg. Vi står ovanfor den kanskje største globale krisa nokosinne, med global oppvarming, havstiging, ekstremvêr og tap av natur, dyreliv og biologisk mangfald som resultat.

Tryggare vegar handlar mykje om klimatilpassing. Det blir ikkje mindre veg å rassikre om klimaet endrar seg. Vil det vere nok pengar i framtida til eit godt helsevesen, skule, barnehagar og breibandutbygging om vi må handtere store klimaendringar som øydelegg matjord, gjer oss endå meir sårbare for ras, flaum, vind og vêr, og sender millionar av menneske ut på flukt? Og er det motsetnad mellom næringsutvikling og klima- og miljøarbeid? Mange av arbeidsplassane som blir skapt, spesielt i vår region, er direkte følger av det grøne skiftet der vi skal bruke mindre, og bort frå fossile energikjelder og over på fornybare.

Eg kjenner heller ikkje på skam, men tenkjer at alle kan gjere litt. Det går an å droppe ei charterreise. Vi kan ete litt meir fisk og grønt og litt mindre kjøt. Det er bra å kjempe imot vindkraft på stader der det medfører store naturinngrep, tap av dyreliv, natur og rekreasjonsområde. Og Tore; eg er superfornøgd med å ha to elbilar i garasjen som er både betre, rimelegare og meir klimavenlege enn fossilbilane. Dette handlar ikkje om å vere politisk korrekt eller å kjenne på skam, men å ta litt av det kollektive ansvaret.

Høgre og Venstre har mange fellessaker, men innan berekraft og klima- og miljøspørsmål går det ei klar skiljelinje. La oss ta litt felles ansvar, som fylke, kommune og privatpersonar. Og la oss skape nye arbeidsplassar i ei tid der mykje må endrast. Vi har kunnskapen, teknologien og ressursane som skal til.

Klimaendringane og naturøydeleggingane har kome langt no. Det er inga skam å snu.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags