Saman kan vi redde verda!

LEIARSKAP: Venstre sitt svar  på miljøkrisa er at vi skal ta leiarskap. Her og no. By og land, hand i hand. På Vestlandet, skriv Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo.

LEIARSKAP: Venstre sitt svar på miljøkrisa er at vi skal ta leiarskap. Her og no. By og land, hand i hand. På Vestlandet, skriv Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo. Foto:

Av
DEL

LesarbrevIngen kan lenger vere i tvil om at klimaendringane er vår tids største trugsmål. Det er lett å la seg skremme. Det er lett å tenkje at klimaendringane er så massive at ingenting nyttar. At uansett kva vi gjer på vår vesle flekk av verda, monar det ikkje i den store samanhengen.

Dersom alle tenkjer slik, skjer ingenting. Alle endringar byrjar i det små. Skal noko stort skje, må nokon alltid gå føre. Som konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest seier det: «Om vi ikkje tar leiarskap, sviktar vi ikkje berre ungane våre når det gjeld å løyse klimakrisa, vi sviktar framtida deira på Vestlandet.»

Venstre sitt svar er at vi skal ta leiarskap. Her og no. By og land, hand i hand. På Vestlandet.

Vi kan redde verda. Men då må klimadebatten handle om dei konkrete løysingane.

Her er fem område der Vestlandet kan gå i front og utvikle løysingar som ikkje berre monnar i det små, men også kan rullast ut i heile verda:

1. Utsleppsfrie lokalsamfunn. Bergen har – med Venstre som pådrivar – vedtatt å bli fossilfri storby innan 2030. Det kan vi få til om ein mellom anna legg valkamp til sides og seier ja til ein bypakke som realiserer bybanen til Åsane. Eid kommune – med Venstre som pådrivar – har sett seg som mål å lage eit lokalsamfunn i distrikts-Noreg utan utslepp frå transport innan 2030. Oppskrifta på utsleppsfrie lokalsamfunn i storby og distrikt vil ikkje vere like. Men i Vestland kan vi klare begge deler, fordi den politiske viljen, trykket og engasjementet finst – med næringslivet på laget.

2. Utsleppsfri sjøtransport innan 2030. Det maritime næringslivet på Vestlandet er verdsleiande i å utvikle nullutsleppsløysingar som ein berre for få år sidan såg på som utopiske. Med tøffe anbodskrav til hurtigbåtar og til cruisenæringa – og å satse på teknologiutvikling saman med næringane – kan vi på Vestlandet no finne løysingar som kan brukast til å gjere all transport med store skip på verdshava fossilfri.

3. Utvikle energien som raskt kan erstatte oljen. Teknologimiljø på Vestlandet er leiande på flytande offshorevind, bølgekraft, avansert biodrivstoff, fjordkraft, hydrogen og solenergi. Dette er energiløysingar som er viktige for Noreg, men endå viktigare for verda. Om vi vil, og satsar på næringslivet vårt, kan vi gjere Vestlandet til eit utstillingsvindauge for desse nye energiløysingane – samtidig som vi elektrifiserer petroleumsaktiviteten i Nordsjøen.

4. Bygge ny kraftkrevjande industri. Vestlandet treng ikkje berre produsere kraft for å redde verda. Vi kan også hjelpe til med å omgjere endå meir kraft til produkt verda treng: Anten det er aluminium, silisium, solarpanel eller bits og bytes i storskala grøne datasenter. Alt dette er produkt det vil trengst meir av i ei klimanøytral, høgteknologisk verd – og ingen stad kan produkta lagast reinare enn på Vestlandet.

5. Bli best på sirkulærøkonomi. Sirkulærøkonomi handlar om å utnytte ressursar på tvers av sektorar – om systematisk å nytte avfall som innsatsfaktorar i anna produksjon. Det har vi alle føresetnader for å bli best i verda på i Vestland, mellom anna fordi vi har store mengder avfall som i dag ikkje blir utnytta godt nok (CO₂ frå Mongstad, slam frå fiskeoppdrett etc.). Vestland bør etter Venstre sitt syn bli først i Noreg med å lage ein regional strategi for sirkulærøkonomi. Det vil gi både gode miljøløysingar til verda og stor lokal verdiskaping.

Vestland Venstre vil at det fyrste vedtaket Vestland fylkesting skal gjere etter valet, er å setje mål om at Vestland skal vere klimanøytralt innan 2030. Ikkje åleine, men i eit nært samarbeid med eit næringsliv på Vestlandet som har kome lenger enn mange politikarar i å forstå kva som må til for å redde verda. Vi får ikkje til eit grønt skifte utan at næringslivet er med på laget. Vi reddar ikkje verda med berre å grave oss ned i utfordringane – vi reddar verda ved å finne løysingane.
Vi og Venstre i Vestland er klare for å ta leiartrøya: Saman kan vi redde verda!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags