Klimakrise eller verdidebatt?

For meg som politikar er det ikkje klimadebatten men verdidebatten som er det viktigaste tema i denne valkampen, skriv artikkelforfattaren.
(Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix / NPK)

For meg som politikar er det ikkje klimadebatten men verdidebatten som er det viktigaste tema i denne valkampen, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix / NPK) Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Det er heilt utruleg korleis denne klimadebatten er blitt eit altoppslukande tema i både denne og førre valkamp. Norge er eit lite land. Det er viktig at vi held det reint og vakkert både for innbyggjarar og turistar, men å tru at det er vi nordmenn som kan redde verda om vi erklærer klimakrise i byane og let vere å ete kjøt, så er vi blitt heilt forblinda av denne store klimaballongen.

I atmosfæren har vi 78 prosent nitrogen, 21 prosent O2, nesten 1 prosent % argon, 0.04 prosent CO₂ og litt andre gassar. Utveksling mellom havluft, forråtnelse, fotosyntese, vulkanar og skaping/oppløysing av karbonat, er mykje større enn den påverknad menneska har i naturen. Det er vanskeleg å bevise kva klimaendringar som er menneskeskapte. Ein kan heller ikkje bevise at der er noko samanheng mellom atmosfærisk CO₂- innhald og temperatur. CO₂- innhaldet har vore 20 gonger høgare enn det er i dag utan at det var varmare.

For kvart menneskeskapte CO₂-molekyl i atmosfæren finns det mellom 100.000- 200.000 andre molekyl. Då er det vanskeleg å forstå at det menneskeskapte molekylet skulle ha noko å seie i det heile. Det vitenskaplege grunnlaget som skal bevise dette (IPCC- rapportane, Interngovernmental Panel on Climate Change, FNs klimapanel) er vitskap med mange antakelsar og sannsynlegheiter – ikkje nødvendigvis vitskap med bevis.

Vassdamp utgjer ca. 95 prosent av drivhuseffekten i atmosfæren. At meir CO₂ gjev meir vassdamp i atmosfæren er ikkje bevist. Til dømes gjev kosmisk stråling meir vassdamp i atmosfæren. Det gjev oss ei viktig naturleg oppvarming. IPCC- modellane spår global oppvarming fordi dei antek at meir CO₂ gjev meir vassdamp. IPCC bekreftar at det ikkje har vore global oppvarming sidan 1998. (Satellittmålingar). Dei er meir pålitelege enn temperaturmålingar på jorda som må vektast ulikt over tid for å bli korrekte.

Ca. 92 prosent av all is finns i Antarktis. På Grønland ca. 7- 8 prosent. Gravitasjonsmålingar (NASA) viser at denne isen ikkje smelter. Kjelde: Jevrejevra et al, 2014. Global and planetary change Vol 113, s 11–22. Elsevier Verlag. (Hans Borge, UiS Stavanger)

Det som er sørgeleg midt opp i det heile er at ordet «klimakrise» og «for mykje klimagassar» er med på å skape stor frykt i ungdomen vår. Det blir sagt at om vi ikkje får ned CO₂-utsleppa så har jorda inga framtid. Det er i alle fall sikkert at det er ikkje Miljøpartiet De Grønne og Venstre med sine miljøskattar som kjem til å klare å redde verda. Ei heller om vi sluttar å produsere olje i Nordsjøen slik Ap- ungdomen vil eller at vi blir vegetarianarar. Utan CO₂ til fotosyntesen i naturen så vil det gå ille for verdas befolkning!

For meg som politikar er det ikkje klimadebatten men verdidebatten som er det viktigaste tema i denne valkampen. Kva verdiar skal vi bygge inn i ungdomen vår så dei kan bli trygge og gode foreldre til borna sine? Kva skaper eit godt samfunn for våre framtidige generasjonar?

Verdidebatten har vore heilt blåst vekk i dei to siste valkampane. Det er kjernefamilien som er grunnsteinen i eit levedyktig samfunn, ikkje spørsmålet om eg køyrer på straum eller bensin. Foreldre som har tid til sine born er det som bygger eit trygt samfunn.

Som politikar så har eg også eit ansvar for å jobbe for miljøet, men det skal ikkje ha alt fokus. Sjølvsagt skal vi ha reint drikkevatn til innbyggjarane i nye Sunnfjord Kommune og reinsesystemet for avløp må vere godt. Plasten må vekk frå natur og hav. Krusskipa må få landstraum. Vindmøllene skal ikkje få øydelegge for fredfull og urørt natur og sårbart fugleliv. Som politikar endrar eg heller skattereglane så eksisterande kraftverk kan utnyttast betre med høgeffektive turbinar. Det er miljøhysteriet som har fått dei skjemmande vindmøllene opp.

Det er sunn fornuft og verdiskaping som byggjer framtida for ungdomane våre – ikkje meir klimahysteri og skattar i form av klimaavgifter som ingen veit kvar blir av.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags