Burde skamme meg, men gjer det ikkje

SKAM: Burde eg føle meir skam? spør Høgre-politikar Tor Fossen.

SKAM: Burde eg føle meir skam? spør Høgre-politikar Tor Fossen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI år stiller eg til val for Vestland Høgre. Og eg må berre vedgå det med ein gong: eg er ein person som sikkert burde føle skam. Mykje skam.

Skamme meg over at eg tek fly på ferie og fly til møte i Oslo. Skamme meg over at eg et kjøt. Skamme meg over at eg ber om ein plastpose når eg handlar mat. Skamme meg over at eg køyrer bil til jobb. Skamme meg over at eg ikkje kjempar imot vindmøller. Skamme meg over at eg synest det er greitt med utanlandske turistar. Skamme meg over at eg brukar handkleet berre ein gong når eg bur på hotell.

Skamme meg over at jobben min er å marknadsføre ei verksemd som sel bilar. Skamme meg over at eg køyrer bil til dei andre avdelingane våre i jobbsamanheng. Skamme meg over at eg har ein son som jobbar i eit entreprenørselskap som mellom anna bygger vegar, og attpå til køyrer dieseldriven gravemaskin. Skamme meg over at eg har ei kone som sel kle som blir produsert langt vekke og blir frakta til landet med båt. Skamme meg over at eg har venner som lever på same måte som meg. Skamme meg over at eg er med på å arrangere ein festival der bil, motor og musikk står i fokus. Og heilt sikkert mange andre fæle ting eg kan skamme meg over.

Likevel: eg stiller til val, og eg står på 16.-plass på Vestland Høgre si liste. Skulle eg komme inn på fylkestinget, så vil eg arbeide for at Vestland fylke skal få betre og tryggare vegar, slik at folk kan ferdast utan at dei må risikere liv og helse for å komme seg frå A til B, og at alle som har sitt daglege arbeid på vegen, spesielt dei i transportbransjen, kan få levert varene sine til deg og meg, utan å måtte ofre livet sitt på det.

Eg er oppteken av at breibandutbygginga ikkje må stanse opp, for eit godt nett er alfa og omega for at folk og næringsliv skal kunne fungere, også ute i distrikta. Eg er også oppteken av fritt skuleval, og at det skal satsast på fagskular og yrkesretta utdanning.

Eg er oppteken av at det skal førast ein politikk som skapar optimisme for næringslivet i alle sektorar. Eg er oppteken av at vi må ha eit breitt spekter av arbeidsplassar, både statlege og private. Eg er oppteken av at dei eldre skal ha det godt, anten dei bur heime eller har fått institusjonsplass. Eg er oppteken av at borna har det godt i barnehagen, og at dei litt eldre borna får ein god skule, trygg skuleveg og trygg oppvekst. Eigentleg er eg oppteken av at alle skal ha det best mogleg.

Og tru meg: eg er også oppteken av miljøet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Blir berre så inderleg lei av at valkampen nesten utelukkande handlar om miljø, miljøkrise og bompengar. Sidan veldig mange av kandidatane på vallistene til dei ulike partia i år kjempar om å vinne miljøkampen, kunne eg tenkt meg å kjempe for alle dei som kvar dag er med på å halde samfunnet i gang: dei som bygger noko, dei som skapar noko, dei som tilset folk, kvardagsheltane, den komande generasjon heltar, og dei eldre heltane som har gjeve oss moglegheita til å leve i eit av verdas beste land.

Akkurat no skammar eg meg over at eg ikkje føler skam over all skamma eg burde hatt for å kunne stå fram som ein politisk korrekt person.
Det er uansett ikkje noko skam å stemme Høgre, både til kommune- og fylkestingsvalet 9. september.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags