Kan «syndebukken» vestlandsbonden bidra til å løyse klimautfordringane?

LØYSING: SV meiner bonden kan vere ei løysing, og ei hjelp, og ikkje problemet. Mange meiner at landbruk og kanskje særleg kjøttproduksjon er ein klimaversting, men vi meiner han kan vere ein del av løysinga! På bildet ser vi Budeia Tiril luftar tunlamma.

LØYSING: SV meiner bonden kan vere ei løysing, og ei hjelp, og ikkje problemet. Mange meiner at landbruk og kanskje særleg kjøttproduksjon er ein klimaversting, men vi meiner han kan vere ein del av løysinga! På bildet ser vi Budeia Tiril luftar tunlamma. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFlaum, tørke, storm, endra arealbruk, overforbruk, klima, insekt, biologisk mangfald, utarming av molda, - orda flimrar over skjermen, ut av radioen og TV skjermen.

Vi må gjere noko, og det må skje no!

Vi kan ikkje vente til ungdommane som klimastreikar vert vaksne, vi må vakne!

SV meiner bonden kan vere ei løysing, og ei hjelp, og ikkje problemet. Mange meiner at landbruk og kanskje særleg kjøttproduksjon er ein klimaversting, men vi meiner han kan vere ein del av løysinga!

Vi må bli meir sjølvberga på mat i Norge, og det må og skje på Vestlandet.

Etter å ha lest jordboka 1 og 2 av Dag Jørund Lønning, har vi begynt å forstå at bøndene (og oss hagefolk ) kan ha stor betydning for å oppnå effektiv karbonbinding. Og ikkje berre han, men mange andre har byrja og å sjå på dei nye moglegheitene.
Karbon har ei nøkkelrolle for klima, mat og natur, og jord er vårt viktigaste karbonlager på land. Her er det lagra to til tre gangar meir karbon enn i atmosfæren. Dette jordkarbonet er ikkje berre viktig for klima, men bidreg også til viktige økosystemtenester som motstand mot erosjon, fruktbarheit for planter og biologisk mangfald i jorda. Beiting er med på å halde vekst i graset, i tillegg til at det er fossilfritt «gratisfôr» til dyra. Vi må og bruke skogen, og ta i bruk trevirke på nye måtar.

I Amerika har dei og sett det, og vi får håpe at dette kan nå ut til dei ulike farmane (over there). United States Department of Agriculture:
«Soil health is the continued capacity of a soil to function as a vital, living ecosystem that sustains plants, animals, and humans. Cycle nutrients effectively. Store carbon and nutrients in soil organic matter.

Fleire uttaler seg om landbruket som karbonlager: Arne Ivar Sletnes, fagsjef i Norsk Landbrukssamvirke:
«Forskere verden over forsøker å finne ut hvordan fotosyntesen kan utnyttes mest mulig optimalt for å lagre karbon i jord og planter, og til å erstatte olje, kull og gass med materialer fra jordbruk og skogbruk. Omfattende karbonlagring i jord og skog og bærekraftig bruk av fornybare biologiske ressurser kan bidra til at verden når klimamålene.»

Vi må lage eit regelverk og ei tilskotsordning som tek høgde for dei utfordringane vi har, og som lønnar gardar som arbeider for å få til eit karbonbindande landbruk. Vi må og legge meir til rette for forsking og utprøving.

Miljødirektoratet er alt på saka. Norsk landbruksrådgiving (NLR) Østafjells har på oppdrag frå dei undersøkt korleis den dyrkingspraksisen vi har i dag kan tilpassast for å auke karbonbindinga i molda vår, med eit langsiktig mål: Å binde karbon i jorda som tiltak mot klimaendringer og for å bedre jordstruktur. Slik kan norsk matproduksjon bli meir robust.

«Landbruket er en viktig del av karbonkretsløpet. FAO har anslått at hvis landbruket globalt tar i bruk kjent karbon-bindende jordbrukspraksis, som vekstskifte med eng, erstatter åpenåker med jorddekke og underkultur osv., er det mulig å binde tilstrekkelig karbon til å snu økningen av CO2 i luft og reversere klimaend-ringene. Karbonbinding i jord er et viktig bidrag til å holde jordens temperaturøkning til under 2°C (Lal. R. 2013. Ghabbour, E. m. fl. 2017).

Prinsippa for Jordoppbyggende landbruk, definert av NLR er:
1. Levande plantedekke året rundt. Det inneber å sørge for å så eller plante ny plantekultur
som avløyser den som går ut. Det gir meir fotosynetse og aktive levande røtter, sein haust og tidleg vår.
2. Gi jordlivet ro. I praksis betyr det minst mogleg jordbearbeiding som pløying, harving og fresing.
3. Beskytte jorda og jordlivet med levande plantedekke eller anna form for jorddekke.
Levande eller daudt dekke beskytter mot vind, vatn, kulde og varme.
4. Mangfold på alle nivåer; i plantekulturane, i vekstskifte og med hensyn til organisk materiale
som tilbakeførast til jorda.
5. Kople på krinsløpet. Tilføre organisk materiale til jorda
6. Husdyr som jordoppbyggarar - styre husdyrhaldet på ein måte som fremmar store rotsystem og god vekst i enga.

For bonden er det mykje å hente på å ha ei jord som fungerar godt. Det vert lettare å få til gode,
stabile avlingar med mindre innsatsmidler. Når jorda er på stell trengs det mindre gjødsling
og mindre ressursar til å bekjempe ugras, sjukdom og snyltarar.

For samfunnet er karbonbinding i landbruksjord eit enkelt, sikkert og lønnsamt klimatiltak.
Karbonbinding i jorda gir også meir matsikkerheit for framtida. Slike forskingsprosjekt er viktige og må setjast sterkt fokus på.

Norge har større avlinger av tomat og agurk enn Spania og Nederland
Norge har verdas beste forutsetningar for å drive miljøvenleg produksjon av grønsaker i veksthus, hevder prosjektleder og forskar Michel Verheul frå NIBIO. Lange sommardagar gir godt vekstlys. Visjonen til Verheul er å produsere ferske, sunne, gode norske veksthusgrønnsaker året rundt. Det skal skje på ein berekraftig måte, det vil sei utan bruk av fossil energi, kjemiske plantevernmidlar, CO2-utslepp eller svinn.

Margaret Eide Hillestad i AgriAnalyse seier i eit innlegg i Nationen at utsleppa frå landbruket ikkje på langt nær er så stor som nokre hevdar om ein tek med karbonlagringa i jorda, og ikkje berre utsleppa.

«Karbonlagring i jorda ved beiting må også med i klimaregnskapet. Hvis vi skal få reelle tall, så må vi ta med inntektssiden også, ikke bare kostnadssiden. Det er viktig å se sammenhengen», sier Eide Hillestad.

Ho har gått gjennom studier om karbonlagring i gras- og beitemark og har skreve rapporten «beitemarka – et ukjent karbonlager». Ei av studiane som er med i rapporten, er ei studie som viser at moderat beiting fra dyr bidreg til auka karbonlagring i jorda. Ei anna studie viser at grasmark lagrar karbon tre til fire gangar meir effektivt enn skog. Årsaka er at gras lagrar meir karbon i jorda enn det skog gjer.

Dei store gardane, som krava til effektivisering har pressa fram, er svert avhengige av fossil energi. Store maskiner påverkar både molda og miljøet. Små åkerlappar kan rett og slett vere ein nøkkel til å ha eit meir stabilt jordbruksøkosystem.
Transport av gras over store avstandar er ugunstig i forhold til drift på «alle gardsbruk» rundtom, her må vi sjå tilbake på korleis jorda vart nytta før. Og auka bruk av utmarksbeiting er både bra som «fossilfritt» for og for å bevare kulturlandskap, og sleppe bruke maskiner og store ressursar på rydding.

I tillegg til aktiv karbonbinding vil dette gi fleire positive verknader. Større mangfold og jorddekke vil sikre mot avrenning ved styrtregn og flom.
Marka toler og betre tørke. Får vi fleire bønder vil halde kulturlandskapet bli heldt i hevd. Kortreist er bra! Lokal mat på lokale råvarer.  Lokal næringsutviking, tilflytting, vi tek landet atter i bruk.

No må vi skape ein politiske rammer som får vestlandsbonden til å blomstre og formeire seg!
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags