Det gløymde valet

Av
DEL

LesarbrevFor om lag to veker sidan kontakta eg Trond Grimeland i Firda for å gjere han merksam på at det også er kyrkjeval, og at der er tre ulike lister til val av Bispedømeråd. Eg gjorde merksam på at førstekandidaten på vallista til Open Folkekyrkje, Karl Johan Kirkebø ville stå på stand i Førde laurdag 31. august. Eg har fått svar få Trond Grimeland om dette.
Men eg kan ikkje sjå at Firda har gjort noko som helst for å gjere veljarane merksam på at det går føre seg eit kyrkjeval.
Firda skriv på leiarplass valdagen om det gløymde kyrkjevalet.
Eg kan vanskeleg sjå at Firda har gjort noko som helst for å minne veljarane på at det går føre seg val av sokneråd og bispedømeråd i tide. Eg er sjølv kandidat, og eg kunne sjølvsagt ha gjort meir, men Firda har openbert forsømt seg. Firda er medskuldig i at kyrkjevalet er «det gløymde valet».
Med noko vonbroten helsing til Firda sin redaksjon, som kunne ha gjort noko for å minne folket i Sunnfjord om kyrkjevalet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags