Gjer ein annan mann ei beine

Fridtjov Urdal.

Fridtjov Urdal. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Om Osamannen i Olav H Hauge sit diktet «Gjer ein annan mann ei beine», ville røysta Raudt dette valåret torer eg ikkje ha noko sikker meining om. At han sto i ein kultur og tradisjon som Raudt vil kjenna seg heime i, er eg viss på.

Kultur politikk er i det ytre eit spørsmål om midlar, løyvingar. Å leggja til rette for at kunstytringar kan leva gro og veksa. At dei som har arbeidet sitt innan skapande verksemd har levelege vilkår. Samt at det er tilkomande lærande og nytande for folk. Kulturytringar er ikkje noko lettseljeleg sukkerstong. Slik mange marknadstruande tykkjest meine. Det kostar kjensle og tankesveitte. Det vanskelege. Det vi ikkje med ein gong grip ja, endå til tekkjes framandt så vi ikkje likar. Det kan vera det som gjev oss vokster og styrke.

Raudt går inn for sterke økonomisk ubundne kulturinstitusjonar. Det er ein hang til dela kulturen i høgkultur og folkekultur. Vi i Raudt tykkjer: For folket er bere det beste godt nok. Difor er det er sjølvsagt at vi stør det som vert kalla høgkultur. Stør vi det profesjonelle så odlar ein og amatøren. Den og dei som gjer og gjev av kjærleik, og driv eigen oppseding. Dei lever ikkje av det, og driv sit verk av kjærleik åleine. Dette kulturarbeidet treng røkt og løyvingar.

Vi kan ikkje vera nokon kulturnasjon utan å ha båe deler. I ein levande kultur går byggjarar og rivarar skift om skift. Vil nokon kveda så får andre rappa. Det er ikkje likskapen som gjer oss sterke, det er ulikskapane, mangfaldet.

I eit valår vert det ofte kosta mykje vellæte på frivillige lag og foreiningar. Det er mest ikkje måte på kva dei kan taka på seg av slikt det elles er lite og ikkje er rom for i budsjetta.

Raudt vil ikkje bere koma med vellæte kvart fjerde år, men gjera sit for at det skal merkast meir enn i orda. Dei frivillige lag og samskipnadar er sjølve grunnvatnet i demokratiet og kulturen vår. Lag og foreiningar er den viktigaste demokrati- og kulturskulen vi har. Vi tykkjest leva i ei tid då alt vi gjer skal ha prislapp, ein målande verdi. Mangt av det vi gjorde i hop hadde nett den verdien at vi gjer og gjorde det i hop, utan å skjegla ned i eigen pung.

I dag kan vi kjøpa oss inn og betala oss ut. Eit grunnleggjande verdi og kulturspørsmål er, finst det nok gyldig verdi utover pengeverdi og korleis mæler vi desse verdiane. Vi i Raudt ønskjer oss ein kultur der vi samfunnstenkjer og gjera som Osamannen og tak no Osadamene med. Det er ikkje så nøye om du ikkje når meg med ei teneste att, bere du når ein kvann annan. Det er ein forpliktande samfunns og kulturtanke som er bore fram i dette kvar dags bilde. «Så gjer ein annan mann ei beine då, sa Osa mannen og skuv ifrå.» Godt val for eit forpliktande samfunn.

Skam for dei som ikkje kjenner diktet. «Så gjer ein annan mann ei beine då»: De finn det på nettet. Les det og gjer ei kulturgjerning.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags