Har meir å fare med enn å bli eit haleheng til Bergen

HALEHENG: Sogn og Fjordane har langt meir å fare med enn å ende opp som haleheng til Hordaland. Viss folketalet-står-bom-fast-fylket vaknar til liv og det er tak i politikarane frå denne delen av Vestland, skriv Randi Førsund i dette innlegget.

HALEHENG: Sogn og Fjordane har langt meir å fare med enn å ende opp som haleheng til Hordaland. Viss folketalet-står-bom-fast-fylket vaknar til liv og det er tak i politikarane frå denne delen av Vestland, skriv Randi Førsund i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

MeiningarI BT torsdag 15. august etterlyser BT-kommentator Jens Kihl opprør i Sogn og Fjordane.

Kihl samanliknar tvangssamanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland med tilsvarande lagnad for Finnmark og Troms. Nordpå har det nok blitt litt i overkant. Storleiken på denne enorme eininga er langt meir dramatisk enn for oss «her nede.» Alt eksisterande Finnmark som alt har landets største kommune, Kautokeino, har like lang reisetid mellom Alta-Kirkenes som Førde-Oslo. Dette skal bli enda større.

Politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim, kunne i samband med Arendalsuka fortelje kor bortanfor gale det er å legge ned militærflybasen på Andøya som liksom skal forsvare landet. I ei tid Russland luftar musklane sine utanfor stovedørene til dei «der oppe» på ein måte dei ikkje har gjort sidan 80-talet, vert helikopterbasen like godt flytta til Rygge. Langt «der nede.»

Ap-Årdal ropte på Ap-Jens «Me skal ha! Me skal ha!» då Hydro fasa ut framlengs og baklengs for ein del år sidan. Årdølane som hadde dobbelt av alt såg til slutt trass langvarige åtvaringar frå Hydro om nedbygging av verket deira, at dei måtte tenkje nytt og annleis. Det sat langt inne. Men dei kunne rope på statsministeren sin. Han kom, han såg, og han gav. Det er ikkje alle som får mange titals millionar til omstilling til lenge varsla endringar dei ikkje har budd seg på. Det fekk dei uansett ikkje på Andøya, sjølv om profilerte strategpolitikarar kjempa med nebb og klør.

Sogn og Fjordane sov rett nok i timen då oljen utanfor stovedørene våre skulle på land. Men her har vore kampar, store kampar. Den betente sjukehusstriden som nesten enda med intern borgarkrig, heldt stand i minst tre tiår. Blant dei mektigaste fylkespolitikarane våre den gongen, Harry Mowatt (Ap), vart til slutt kasta ut av fylkestinget. Han som hadde nettverk til den aller heilagaste delen av Ap-makta. Då eg møtte profilar som t.d. Helga Pedersen, spurde ho meg, kjenner du Harry Mowatt? Dessverre knapt berre Liv Signe Navarsete og Atle Hamar som held det nivået i dag.

Skal vi samanlikne oss med Finnmark og Troms, er det slik at dei er storprodusentar av noko så viktig som personlegdomar. Som eg sa i Finnmark ein gong, i Finnmark er det langt mellom folk men tett mellom karakterane. I Sogn og Fjordane er det langt mellom folk og enda lenger mellom karakterane.

I annleisfylket står folketalet bom fast medan nabofylka har skote i vêret. Høgtropande prostitusjon ved å by seg fram til lågaste pris har ikkje bore frukt. Det tradisjonsrike jordbruksfylket har ikkje makta blir reiselivsfylke og på ingen måte framtidsfylket. Skal Sogn og Fjordane lukkast på den vegen lyt evna til å tole og bere risiko over tid saman med nye krafttankar på bordet snarast. Slik kapital er stor mangelvare i Sogn og Fjordane og kan ikkje kjøpast for pengar. Når tre etestader vart lagt ned i Førde i sommar syner det at folk har falle i søvn på nytt.

Men Sogn og Fjordane har langt meir å fare med enn å ende opp som haleheng til Hordaland. Viss folketalet-står-bom-fast-fylket vaknar til liv og det er tak i politikarane frå denne delen av Vestland, lyt dei klare få både viktige og strategiske kultur- og reiselivsoppgåver til sine fjordar. Sogn og Fjordane er for velutstyrt med for mykje potensiell kapital til å stå ubrukt. Bergen vil uansett aldri makte vinne kampen mot Oslo slik stoda er i dag. Det kan hende Førde og Bergen lyt samarbeide. Viss ikkje er det over og ut for Vestland.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags