Går vi inn i eit kaldare klima?

C02: Som vi ser av kurva for klimaeffekt, så ser vi at i dag har vi ein konsentrasjon av CO2 som ikkje kan påverke klima, skriv artikkelforfattaren.

C02: Som vi ser av kurva for klimaeffekt, så ser vi at i dag har vi ein konsentrasjon av CO2 som ikkje kan påverke klima, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKlima har vorte eit viktig tema i valkampen. I alle diskusjonar om klima er det «klimautslepp» som er dominerande.

Alle trur at utslepp av CO2 vil føre til eit varmare og dårlegare klima. Men det er ikkje «klimautslepp» som regulerer klima. Sola er totalt dominerande og den einaste som varmar opp kloden. Men all denne varmen frå sola ville sleppe ut i verdsrommet igjen utan vassdamp og skyer. CO2 som drivhusgass har berre 1% klimaeffekt i høve til vassdamp og skyer. Dette pga ¾ av drivhuseffekten er alt oppbrukt på dei første 20 ppm. Vi har no omlag 400 ppm CO2 i atmosfæren. Eit «klimautslepp» på 20 ppm ikkje ville kunne gje målbare endringar på temperaturen på Jorda sidan CO2 sin klimaeffekt fylgjer ei logaritmisk kurve.

Som vi ser av kurva for klimaeffekt, så ser vi at i dag har vi ein konsentrasjon av CO2 som ikkje kan påverke klima. Men pga lågt kunnskapsnivå blant politikarar og avisredaktørar, har påstandane om menneskeskapte klimaendringar fått fotfeste i media. Men det finst ikkje vitskapleg grunnlag for påstandane om menneskeskapte klimaendringar.

Parisavtalen skal setjast ut i livet neste år. Då skal vi vere med å betale vår del av overføring av 100 milliardar dollar til utviklingsland. USA har trekt seg frå avtalen og India og Kina vil nok halde fram med å bygge ut nye kolkraftverk i same tempo som før. For norske skattebetalarar vert nok dette ei ny bompengesak, for norske politikarar vil gjerne syne seg som føregangsmenn i klimapolitikken og betalar gjerne nokre milliardar som kunne vore brukt på vegar eller eldreomsorg. Kor lenge skal vi la oss styre av kunnskapslause politikarar?

Men det skjer ting på sola som kan felle Parisavtalen. I år har det vore lite aktivitet på sola. Vi vil då gå inn i ein kaldare periode som vil gjere det vanskelegare for parti som SV, MDG, Venstre, AP og Raudt å forsvare ein politikk som går ut på å få til eit kaldare klima ved å redusere «klimautslepp». Det er heller ikkje så lenge att før vi får ei ny istid, og då vil klimapolitikken være heilt død. Men no er det populært å gjennomføre ein politikk som vil redusere vår velstand innan kort tid. Skal vi la oss styre av klimaidiotar?
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags