Vallokala i Jølster

ANSVAR: Det er på tide å spørje kven som er ansvarleg for at det var ei halvering av røyteplassar i Vassenden krins? Det krev eg eit svar på, skriv artikkelforfattaren.

ANSVAR: Det er på tide å spørje kven som er ansvarleg for at det var ei halvering av røyteplassar i Vassenden krins? Det krev eg eit svar på, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSer i Firda at det som vart ei varm potet valdagen på Vassenden, der talet på på plassar å stemme var halvert ved årets kommuneval. Tidlegare kunne ein stemme på Ålhus med 2 avlukke, Vassenden med 2 avlukke og Eikås med 2 avlukke. Ved årets val var dette halvert til 3 avlukke ved ungdomsskulen på Vassenden. Dette gjorde til at det stort sett heile dagen var kø ved stemmelokalet, og då særleg frå kl. 15 og fram til stenging kl. 20., mange stod i kø i ein time og meir for å få stemt.

Når vi då veit at det var ca. 400 fleire røysteføre i Vassenden krins kontra Skei krins, samt at det var fleire indrebygdingar som stoppa på Vassenden på veg heim frå arbeid, for å stemme, så var kaoset komplett. Mange frå Vassenden snudde og fekk ikkje stemt og nokre vart for seine.

Då er det på tide å spørje kven som er ansvarleg for at det var ei halvering av røyteplassar i Vassenden krins? Det krev eg eit svar på!

Eg reknar med det er valstyret som har avgjort dette, men spørsmålet er kven som sit i dette valstyret. Det er lett å gjere seg tankar om at dette var siste pek frå indrebydarane mot Vassenden som eit takk for sist etter at det var Vassenden som var avgjerande i kommunesamanslåings valet. Særleg når vi veit kva som gjekk føre seg i framkant av dette valet i Skei valkrins.

Eg reknar med at det nye valstyret i Sunnfjord kommune tek dette til etterretning og opnar for fleire røysteplassar i Vassenden krins ved neste val om to år.

Det hadde også vore fint om Firda som har omtala saka vil ettersøkje dette nærare.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags