Nei takk til vindkraft i Høyanger

Petter Sortland er ordførar i Høyanger kommune

Petter Sortland er ordførar i Høyanger kommune Foto:

Av
DEL

Debatt Høyanger Ap vil at kommunane skal kunne legge ned veto mot vindkraftutbygging innanfor sine grenser. At kommunane vert fråteke ansvar og mynde i eiga arealdisponering i ei så stor og viktig sak er udemokratisk og ikkje akseptabelt.

I analyseområde 18 og 19 som begge femner om areal i Høyanger kommune, vert områda skildra som godt eigna for vindkraft. Det vert og peika på at områda femner om viktige miljø- og samfunnsinteresser, samt unike fjordlandskap.

Eit vindkraftanlegg høgt til fjells er å sjå på som eit stort industrianlegg, ofte plassert i urørt natur. Den teknologiske utviklinga i bransjen går i retning av høgare master med breiare vengespenn. Iskast frå mastene er ei kjent problemstilling, og når mastene først er plasserte på fjelltoppane/nær fjelltoppane, vil sikringssona for iskast presse folk som går på ski ned i rasfarleg område. Topografien er slik i våre område at dei fleste liene har ei helling på meir enn 30 grader – og dei samlar opp mykje skavlar.

Vindkraftanlegga legg beslag på eit monaleg større areal enn dei fysiske vindturbinane er plasserte. Naturinngrepa i tilknyting til vegane til anlegga vil også føre til store, irreversible sår i naturen. Fleire vil karakterisere dette som visuell forsøpling. Vi er også redd for støy frå mastene, og sjølve anlegga vil vere til stor sjenanse for alle dei som vil ha ei genuin naturoppleving i fjella.

Høyanger AP er også uroa over konsekvensane for det sårbare dyre- og fuglelivet i området.

Området frå Hålandsnipa mot Breidalen lengst aust i analyseområdet, er område som forsyner kommunen med drikkevatn. Drikkevatn til innbyggarane er kommunen sitt ansvar. I dag tilbyr vi folk i Høyanger noko av det beste drikkevatnet i landet. Det skal vi også gjere i tida som kjem. Dette er eit ansvar Høyanger AP tek på høgste alvor.

Høyanger kommune har i over 100 år bidrege monaleg til å forsyne nasjonen med elektrisk kraft via storstilte utbyggingar av vasskraft i nær alle deler av kommunen. At ein no vil gå laus på dei siste urørte delane i vår natur er ikkje akseptabelt.

Den økonomisk kompensasjonen frå vindkraft avgrensar seg til eigedomsskatt for kommunane. Dette er ein type skatt som er under press frå statlege styresmakter. Høyanger AP meiner difor at ulempene vert klart større enn fordelane for kommune og innbyggjarar.
Høyanger AP vil på bakgrunn av dette kjempe for at areal i Høyanger kommune må bli teken ut or nasjonal ramme for vindkraft.
Ei stemme til Høyanger AP den 9. september vil sikre deg som veljar at det nye kommunestyret i Høyanger vil seie «nei takk» til vindkraft i kommunen. Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags