La helse avgjere valet

SPARE: Det burde vere eit enkelt val for politikarane å leggje til rette for at innbyggjarane kan ta kloke val som sparar oss alle for unødig liding og samfunnet for milliardar av skattekroner, skriv artikkelforfattaren.

SPARE: Det burde vere eit enkelt val for politikarane å leggje til rette for at innbyggjarane kan ta kloke val som sparar oss alle for unødig liding og samfunnet for milliardar av skattekroner, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevUsikker på kven du skal stemme på? Her er fem viktige tiltak som dine lokalpolitikarar bør vere opptekne av

Visste du at Norge står framfor ei eksplosiv vekst i talet på krefttilfelle? I Sogn og Fjordane bur det over 110.000 menneske og kvart år får 744 av desse kreft. Talet er på veg oppover. I dag får meir enn 33.000 nordmenn kreft kvart år, i 2030 vil det talet vere godt over 40.000. Blant anna fordi vi blir fleire og lever lenger.

Stadig fleire oppgåver i helsevesenet blir flytta til kommunane. Samtidig vil eit aukande tal personar trenge den viktige helsehjelpa og omsorgstilboda som kommunane gjev. Når vi i tillegg står framfor ein auke i tal som vil bli sjuke, må kommunane vere godt rusta.

Samtidig som kommunane må førebu seg på å gje fleire helsehjelp, må dei og bidra til at færre blir sjuke. Det finns ingen garanti mot å få kreft, men vi kan gjere mykje for å minske risikoen. Difor må våre lokale politikarar leggje til rette for at folk kan ta sunne val. Her er fem viktige tiltak både du og politikarane i kommunen bør vere opptekne av:

1) Fleire må stumpe røyken. Minst eitt av tre krefttilfelle har samanheng med måten vi lever. Det viktigaste vi kan gjere er å ikkje røyke. Difor må kommunane hjelpe fleire til å slutte, anten ved å tilby fleire røykeslutt-kurs eller gjennom andre tiltak og hjelpemiddel.

2) Unngå solarium. Norge ligg på verdstoppen i føflekkreft, ein kreftform som i stor grad kan førebyggast. Mange kommunar har allereie gått framfor og sytt for at solarium er blitt fjerna frå alle offentlege bygg. Dette vil kunne bidra til å redusere nye tilfelle.

3) Sunn skulemat til alle elevar. Gratis skulemat bidreg til sunt kosthald og sunne vanar, gjer at barn prestere betre på skulen og bidrar til å jamne ut sosiale skilnader. Difor må kommunane tilby sunn skulemat til alle skuleelevar.

4) Fleire uteområde må bli røykfrie. Røyking tek livet av meir enn 6000 nordmenn kvart år. Å redusere skadane av røyking er eit av dei viktigaste folkehelsetiltaka vi har. Liv vert redda og vi sparer samfunnet for enorme summar. Kommunane bør gjere område som parkar, idrettsarena, leikeplassar, haldeplassar og badestrender røykfrie. Dette vil føre oss eitt steg nærare eit røykfritt samfunn, og spare dei som av helsemessige årsaker ikkje kan opphalde seg på offentlege stader med mykje røyk.

5) Alle må ha tilgang på ein kreftkoordinator. Å få ein kreftdiagnose kjem ofte som eit sjokk og det melder seg ein rekke spørsmål og utfordringar. Gjennom og etter behandling er det avgjerande at pasienten får riktig teneste til rett tid. Dette kan vere vanskeleg å få til på eigen hand. Difor bør alle ha tilgang til ein kreftkoordinator i sin kommune, slik at pasientar og pårørande med behov blir følgt godt nok opp.

I Sogn og Fjordane har snart 12 av 26 kommunar ein kreftkoordinator. Dette er svært bra og betyr enormt for den som er kreftramma. Vi ønskjer at endå fleire skal få dette tilbodet. I Bergen kan du og få møte ein kreftkoordinator kvar veke på Vardesenteret, Haukeland sjukehus, altså like ved der mange pasientar og pårørande er.

Vi kan gjere mykje meir førebygging av kreft i Norge. Liv kan reddast. Gjere at færre blir sjuke, noko som dempar trykket på helsetenestene. Vi kan bidra til å redusere ulikskap innan helse. Det burde vere eit enkelt val for politikarane å leggje til rette for at innbyggjarane kan ta kloke val som sparar oss alle for unødig liding og samfunnet for milliardar av skattekroner.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags