Set Hyen på dagsorden

VERDIAR: Med sine ca. 450 innbyggjarar skaper dei ulike næringane i Hyen verdiar for ca. 845 millionar pr. år og kanskje endå meir, skriv artikkelforfattaren.

VERDIAR: Med sine ca. 450 innbyggjarar skaper dei ulike næringane i Hyen verdiar for ca. 845 millionar pr. år og kanskje endå meir, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Nokre hevdar at det berre er i dei sentrale strøk og i sentra det går føre seg verdiskaping. Då er Hyen eit eksempel på det motsette.

Med sine ca. 450 innbyggjarar skaper dei ulike næringane i Hyen verdiar for ca. 845 millionar pr. år og kanskje endå meir. Dette er eineståande i nasjonal samanheng, og viser at engasjement, patriotisme og kvalifikasjonar tel meir enn geografisk plassering. Hyarane er stolte over bygda si og stiller opp for kvarandre når det trengst. Sist såg vi det når deler av Hyen vart utsett for ras. Det er lett å peike på Br. Aa når det gjeld verdiskaping i Hyen, og det er rett. Men tabellen nedanfor viser at mellom anna fisk, landbrUk, entreprenør og kraftproduksjon har stor verdiskaping.



Ikkje berre på grunn av verdiskapinga, men også fordi Hyen er ein del av Gloppen, er det avgjerande for kommunen at den positive utviklinga held fram. Eit av hovudutfordringane i Hyen som i andre bygder er folketalsutviklinga. Det er mange som arbeider i Hyen, men ikkje alle bur der. Slik må det nok til tider vere. Men målet må vere å få fleire fastbuande i Hyen.
Kva kan så kommunen gjere med det? Etter KrF sitt syn er det nokre område det må settast inn tiltak.
1. Bustadutvikling. 2. Kommunale tenester. 3. Næringsutvikling. 4. Samferdsle

Etter framlegg frå KrF har vi gjort vedtak om å få greidd ut etablering av eit bustadfelt på Holme i tillegg til aktiv bruk av eksisterande areal avsett til bustadformål. Kommunen ønskjer å gå vidare med bustadprosjektet Garasjen saman med det lokale utviklingsselskapet. Rammevilkår for landbruket er både ei nasjonal oppgåve og lokalt ansvar. Er det behov for meir næringsareal må vi som ein næringsvennleg kommune stille opp. Vi brukar våre politiske kanalar til å påverke at noko vert gjort med fylkesveg 615 Hyen – Storebru.

Gloppen kommune er no i ferd med å ha investert 30 mill. i rehabilitering av symjebassenget og idretts- og kulturbygget. KrF og sikkert også andre parti har programfesta bygging av ny skule i Hyen. I dag er det vel 50 elevar ved Hyen skule. Ny skule vil ta utgangspunkt i 75. Det vil frå kommunen si side bli investert 70 til 80 mill. i nær framtid. No vert det viktig med ei brei satsing på å få fleire småbarnsfamiliar og skuleborn til Hyen. Kommunen må vere tilretteleggjar og proaktiv, og ein må spele på lag med alle gode krefter og initiativ.

Med sin næringsaktivitet har Hyen sett Gloppen på kartet – kommunen må svare med å setje Hyen på dagsorden.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags