Fryktar framtida for Frivilligsentralane

STØTTE: Det held ikkje å ønskje, vi treng at lokalpolitikarane våre aktivt støttar oss, skriv artikkelforfattaren.

STØTTE: Det held ikkje å ønskje, vi treng at lokalpolitikarane våre aktivt støttar oss, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet held ikkje å ønskje, vi treng at lokalpolitikarane våre aktivt støttar oss.

Kommunereforma gjer at det statlege tilskotet til Frivilligsentralane fell vekk frå 2021, eit tilskot som vart innført for 30 år sidan. Frivilligsentralane vert då avhengige av at kommunen aukar tilskotet sitt tilsvarande i budsjettet for å kunne behalde vår tilretteleggarrolle til frivillige organisasjonar og aktivitetar som vi samarbeider om.

Vi og dei fleste av kollegaene våre på dei 461 frivilligsentralane i landet, fryktar kva dette vil bety for frivillig innsats i våre 21 kommunar som har frivilligsentral i Sogn og Fjordane.

På aktivitetane er alle velkomne. Vi jobbar for å skape eit fellesskap og gode kvardagar der vi tek vare på kvarandre uavhengig av alder, fysikk, etnisitet og kjønn. Vi er her for alle. Alt vi krev, er at alle behandlar kvarandre med respekt og forståing. Har vi råd til å miste dette?

Det er snart val. Det bør vere eit unisont krav frå alle lokalpolitikarar, uansett parti, å krevje at Stortinget beheld støtta si. Dersom du er glad for at vi er her, dersom du ønskjer at vi skal halde fram med arbeidet vårt i sentralen, treng vi di hjelp. Uansett kva du stemmer, uansett om du stemmer – krev at lokalpolitikarane våre skal stille seg bak kravet: Frivilligsentralane skal framleis få driftstilskot frå staten!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags