Alle born skal få vere med

Hilde Iren Rivedal

Hilde Iren Rivedal Foto:

Av
DEL

LesarbrevAlle born skal ha rett til å vere med på heilt vanlege aktivitetar på fritida. Dei skal ha mogelegheit til å reise på ferie og vere trygge på at familien har råd til alle dei heilt vanlege tinga ein familie i Norge treng. Nok ein gang vert det presentert tal som viser at stadig fleire born bur i fattige familiar, fordi regjeringa ikkje er villig til å prioritere det som skal til.
Ifølge tala frå Bufdir er det 317 born i Sunnfjord kommune som veks opp i ein familie som er fattig. Eg har her slege saman tal frå Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Det er over 105 000 born i hele landet som bur i ein familie med sokalla vedvarande låginntekt.

Det er mange organisasjonar som gjer ein fantastisk jobb med å gje ferie til familiar med dårleg råd, men dei same organisasjonane må også avvise mange. Det viser kor enorme behova er. Vi veit at mange barnefamiliar treng sosialhjelp, og at det til og med er slik at mange som har jobb også treng sosialhjelp. I Noreg aukar fattigdommen dramatisk, mens dei fleste partia berre ser på.

At foreldre har ein trygg jobb å gå til, med ei skikkeleg inntekt er det aller viktigaste for å hindre fattigdom. Likevel er ikkje det nok. Sjølv hos folk med full jobb er det mange som slit med å betale rekningane og vere med på vanlege ting i kvardagen.

Eit av dei aller viktigaste tiltaka vi kan gjere for at fleire born skal sleppe å vekse opp i fattigdom er å auke barnetrygda. Det gjev alle familiar betre råd, og er spesielt viktig for familiar som har lite. Difor har SV foreslått auke i barnetrygda for alle, og ei ekstra auke for store familiar og familiar med berre ein forsørgar.

Men også lokalt har vi eit ansvar. Difor vil Sunnfjord SV at barnetrygd ikkje skal reknast som inntekt når sosialhjelp bereknast. Born i familiar som er fattige treng at vi alle står opp for dei. Det er på tide med ein skikkeleg nasjonal dugnad mot fattigdom, den jobben byrjar i vår kommune.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags