Revisjon av Førdepakken?

Førde Vulk - tiltak 20 Førdepakken bru over Jølstra frå Halbrendsøyra til

Førde Vulk - tiltak 20 Førdepakken bru over Jølstra frå Halbrendsøyra til Foto:

Av
DEL

LesarbrevNo i innspurten av valkampen ser det ut som om Førdepakken er eit av tema som vert teke opp til debatt. Mange av innbyggarane i den nye sunnfjordkommunen vil ha daglege ærend til det nye kommunesenteret. Mange av desse har ikkje kome til orde i denne debatten.
Det er difor ønskeleg at de nye folkevalde får ta del i ein debatt omkring ein revidert Førdepakke.

Ein av ordførarkandidatane, Jenny Følling, tek til orde for å prioritere tiltak nr. 20 bru over Jølstra mellom Øyrane og Halbrendsøyra. Dette er særs viktig å få på plass særleg med tanke på samfunnstryggleik og at naudetatane kan ha alternative uttykningsvegar. Dei fleste tek til orde for mindre biltrafikk i sentrumsområde, men slik planane ligg føre i dag er det mykje som tyder på det motsette. Ein «ringveg nord» er svært ønskeleg for å avlaste sentrumsområdet for biltrafikk.

Det har røyst seg menge røyster for å verne området rundt Førdehuset mot store inngrep. Dette må vi alle støtte.
Vi får opplyst av Statens vegvesen at ein «ringveg nord» (omr. Hornnes-Solvang) vert svært kostesamt, men eg meiner at dette må vi sjå i eit langt tidsperspektiv. Eg er viss på ar dei mange dugande fagfolka som er i Statens vegvesen og den nye kommunen i indre Sunnfjord maktar å finne tenlege løysingar. Så vert det dei folkevalde si oppgåve å finne tenlege finansieringsløysingar.

På sørsida er det også stor trong for å få trafikken ut av sentrum (ringveg sør?) eit konsulentselskap har allereie teke til orde for ein parkeringshall inne i Hafstadfjellet. Dette synest å vere ei god og tenleg løysing. Saman med ei tunnelløysing frå Førde Hotell til rundkøyringa på Hafstad (ev. lenger aust) har vi langt på fått til ei ringvegløysing.

Førdepakken inneheld mange bra tiltak. Truleg må legge til ein Førdepakke II /ringvegpakke.
Til slutt vil eg sitere Senterpartiet sin ordførarkandidat Jenny Følling: – Det er politikarane som må styre Førdepakken til beste for Førde

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags