Raudt vil opne Førdepakken på nytt

BADEPLASS: «Slippen» på Ankerløkken kan verte Sunnfjords nye badeplass! Med varmt vatn fra miljøvenleg fjernvarme, skriv artikkelforfattarane.

BADEPLASS: «Slippen» på Ankerløkken kan verte Sunnfjords nye badeplass! Med varmt vatn fra miljøvenleg fjernvarme, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI si tid stod alle dei politiske partia samla i Førde kommunestyre om Førdepakken og røysta saman for å godta han. No vil Raudt Indre Sunnfjord (RIS) utfordre dei same politiske partia til å opne Førdepakken på nytt!

Trass Førdepakken sine løfte om større fokus på syklistar, fotgjengarar og kommunaltrafikk har pakken ikkje jobba etter sine pålagde omsyn. I staden har vi fått ein plan som skal lage Førde til ei trafikkvern, med trafikk inn frå E39 og Rv. 5 som skal leiast inn i sentrum. Førdepakken er i utgangspunktet ei trafikkteknisk løysing som ikkje har omtanke for dei sosiale og kulturelle behov Førde har for å kunne utnytte sitt potensial for å utviklast til Norges mest interessante by. Fotgjengarar, syklistar og natur/kultur skal vera kjernen for vårt fokus i sentrum av Førde. Fordi det må vere målet! Vi kan ikkje la teknokratar frå Statens vegvesen bestemme korleis vi og vore born kjem til å bu.

For at det skal kunne skje må nokre ting vere på plass, og her vil vi igjen utfordra dei andre partia til å samle seg om RIS sitt krav, eller i det minste ta debatten på nytt. Utgangspunktet må vere at vi tenker utanfor den trafikktekniske boksen: Vi vil verne Løken og lage den til eit aktivt utelivs/friluftsområde. Vi vil kople Løken til byen med å lage gågater, som gjer pusterom og forbind natur, kultur og handel.

Den gågata, Langebruvegen, skal opnast ut til Løkenområdet, lenke det opp til Kunstmuseet og fortsette til Rådhusplassen, der vi har hatt oppstart av open marknad. Der handel med kortreiste matvarer og grønsaker er mogleg. Bra for miljø, bra for bygda. Og eventuelt fortsette ein del ut på Hafstadvegen, der småbutikkar og kaféar kan trivast.

Denne strekninga kan vere kjernen i eit nytt Førde. I starten kan denne gågata vere open i helgane med avgrensa biltrafikk tillate i kvardagen. Bakkane til Jølstra skal utviklast til aktivt frilufts- natur og kulturområde for innbyggjarane. «Slippen» på Øyrane kan forvandlast til Sunnfjord sin nye badeplass med varmt vatn i samarbeid med fjernvarmeopplegget.

For å få tak i biltrafikkproblema må vi sjå det store bildet: vi stiller krav om at megaprosjektet Ferjefri-E39 vert stoppa og dei 350 milliardane som den skal sluke, blir brukt her – lokalt, og no – ikkje etter 2030. E-39 skal flyttast vekk frå byen slik Statens vegvesen har føreslått og den traséen skal byggast no. Rv. 5 må gå over fjorden på bru eller inn i tunnel. Då får vi gjennomgangen av tung trafikk vekk, noko som vil kunne komme til å auke om ferjefri-E39 vert realisert.

For at sykkelen kan verte eit vanleg transportmiddel må tilbodet om kollektivtransport endrast radikalt. Vi må få hyppig busstransport inn i bustadområda slik at folk kan ta buss ned til sentrum, der sykkelen står og ventar. Dette kollektivtilbodet må vere så effektivt då folk skal til og frå jobb, at det vert eit føretrekt og tiltrekkande alternativ.

I den store samanhengen må vi knyte Naustdal, Vassenden og Sande saman med Førde slik at det vert unødvendig for folk å ta bilen. Dette er den einaste måten vi kan stoppe den 70 prosent av biltrafikken i Førde som Statens vegvesen sine tal seier skuldast vår eigen bilbruk.

AP, SV, V, KrF, FrP, SP som stemte for Førde-pakken – tek dykk utfordringa? Opne Førde-pakken!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags