Kva skjer med Førdepakken her?

FORTVILAR: Skuleelevar og føresette ventar fortvila på den etterlengta undergangen under E-39 i Halbrendslia i Førde, som skal gjere skulevegen til mange av dei 700 elevane i Halbrend og Flatene skulekrins tryggare. Undergangen er planlagt i svingen nederst i bildet.

FORTVILAR: Skuleelevar og føresette ventar fortvila på den etterlengta undergangen under E-39 i Halbrendslia i Førde, som skal gjere skulevegen til mange av dei 700 elevane i Halbrend og Flatene skulekrins tryggare. Undergangen er planlagt i svingen nederst i bildet. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Kva skjer med tiltak 13 i Førdepakken?
Skuleelevar og føresette ventar fortvila på den etterlengta undergangen under E-39 i Halbrendslia i Førde, som skal gjere skulevegen til mange av dei 700 elevane i Halbrend og Flatene skulekrins tryggare. Dagleg ferdast elevane over den sterkt trafikkerte europavegen, sommar som vinter, og gleda var stor då dette umåteleg viktige tiltaket i Førdepakken etter planen skulle startast opp vinteren 2018-2019.

Farlege situasjonar oppstår dagleg i området rundt skulane. Vi treng tiltak som reduserer trafikken, då må skulevegen vere trygg for fotgjengarar og syklistar.

Vonbrotet var difor stort då Erling Varlid i Førdepakken hausten 2018 annonserte at dette viktige prosjektet blei stogga på ubestemt tid, allereie før spaden var sett i jorda. Årsaka var at prislappen på prosjektet hadde auka frå 27 til 36 millionar kroner. I følgje Svenn Egil Finden i Statens Vegvesen har Førdepakken ei økonomisk totalramme å gå ut i frå, og nokre prosjekt blir rimelegare enn forventa, medan andre prosjekt blir dyrare.

Bergumkrysset vart til dømes gjort opp med ein minusrekneskap på nærare 49 millionar kroner då alle utgiftene var summert. Prosjektleiar Varlid i Førdepakken, innrømmer i Firda 02.07.18 at overslaget som bompengesøknaden baserte seg på var altfor lågt, samstundes som han beklagar budsjettsprekken. Varlid strekar samstundes under at gang og sykkelvegen gjennom Hafstadparken til Biltema blir 50 millionar billegare enn det som er budsjettert, og at underskotet på Bergum då på mange vis går opp i opp med «overskotet» på gangvegprosjektet ved Biltema. Dette harmoniserer godt med filosofien til Førdepakken, som i følgje prosjektleiar Varlid handlar om at «meirforbruk ein stad, må sparast inn ein annan stad».

Tiltak 13 i Halbrendslia vart nok også prisa altfor lågt frå byrjinga av. Likevel synst vi det blir heilt feil å utsetje dette prosjektet, som kanskje er det aller viktigaste einskildprosjektet i høve å sikre elevane i den største skulekrinsen i Førde ein trygg skuleveg. Varlid innrømmer at prosjektet i Halbrendslia vart kalkulert til 10,4 millionar kroner i 2012, medan overslaget i 2018 synte meir realistiske 36 millionar. Varlid slår i eit lesarinnlegg i Firda 11.12.18 fast at tiltak 13 er mellom dei aller minste tiltaka i Førdepakken, og at denne overskridinga ikkje utgjer dei store summane samla sett.

Varlid ynskjer likevel å sjå på eit kostnadskutt, og gjer framlegg om å ta vekk dei første 100 metrane av det regulerte området i Halbrendslia. Dette vil etter vår meining redusere kvaliteteten og nytteverdien av prosjektet, utan at ein likevel ikkje vil greie å spare dei heilt store summane.

Tiltak 13 skulle i følgje prosjektleiaren vurderast på nytt av styringsgruppa i Førdepakken i mars 2019. Ein skulle då vurdere den vidare framdrifta av dette viktige prosjektet, og drøfte om ein kan slå prosjektet saman med eit større prosjekt, ut i frå ein tanke om at to tiltak samla sett blir større og rimelegare å drifte enn to små.

Etter dette møtet har det vore heilt stille frå Varlid om tiltak 13 i Førdepakken. No er det skulestart att, og hundrevis av elevar skal dagleg krysse E39 i Halbrendslia på veg til skule og fritidsaktivitetar. Om eitt års tid opnar ein ny og flott idrettshall ved Halbrend skule, noko som gjer at talet på store og små som kryssar europavegen utanom skuletida kjem til å auke endå meir.

Kjære politikarar! Prioritèr dette tiltaket i Førdepakken. Ikkje la dette tiltaket vere salderingsposten, som skal gjere at Førdepakken går i balanse, eller i «null», som Varlid sjølv uttrykkjer det i Firda 02.07.18. Gjennomfør tiltaket slik det opphaveleg var tenkt, og ikkje ta ut delar av prosjektet som vil gjere at sluttresultatet blir vesentleg dårlegare enn det opphavelege. Vis at de set barn og unge sin skuleveg i høgsetet, og syn at de set trafikktryggleik høgt, også for dei mjuke trafikantane våre. Vis dette i praksis ved å starte opp tiltak 13 i Førdepakken no.



 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags