Brua gjer Førde mindre attraktiv, Grotle

Ove Farsund

Ove Farsund

Av
DEL

LesarbrevBrua ved Førdehuset gjer Førde til ein mindre attraktiv by, Grotle.

Ordførarar Olve Grotle prøver i Firda tidlegare denne veka å få merksemda vekk frå bruvedtaket som gjeld Førdepakken tiltak 1, som rammar Førdehuset, området rundt og set stopp for planane om ei ny heimebane på Førde Stadion.

Han lovar at ein skal prøve å unngå at vedtaket rammar området ved Stadion, og lovar også i verste fall erstatningsbane.
Snakket om erstatningsbane er å føre folk bak lyset. Alle veit at ei slik tomt ikkje finst i Førde sentrum, og det er det vi snakkar om:
Førde si heimebane, i form av ein ny kombinert fotball- og friidrettsstadion ved Førdehuset, som er flott presentert av Førde IL og Norconsult.
Saman med ArenaFørde, dei nye planane for Førdehuset, kunne dette blitt eit flott tyngdepunkt for idretten, der han høyrer heime.

Dersom Grotle hadde teke samarbeidet med idretten på alvor, hadde han bedd Førde bystyre instruere Statens Vegvesen om å legge brua frå Hafstad – Angedalsvegen slik at ho ikkje kom i konflikt med området ved Førdehuset. Aller helst burde ein sløyfe bilbru inn i dette området.

Eg trur vi får omkamp om denne brua i det nye Sunnfjord kommunestyre!
Det vil vere ei falitterklæring for Førdepakken, men aller mest for Førde som by, og idrettsby, om vedtaket i Førde Bystyre blir ståande.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags