Tiltaka i Førdepakken vil gje Førde eit estetisk løft

LØFT: Mange av tiltaka i Førdepakken vil gi ei nødvendig oppgradering av vegar til dagens standard, auke trafikktryggleiken og gi Førde eit estetisk løft, skriv ordførarkandiat Olve Grotle.

LØFT: Mange av tiltaka i Førdepakken vil gi ei nødvendig oppgradering av vegar til dagens standard, auke trafikktryggleiken og gi Førde eit estetisk løft, skriv ordførarkandiat Olve Grotle. Foto:

Av
DEL

LesarbrevLidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust har utfordra ordførarkandidatane på nokre sider ved Førdepakken, og eg skal svare på dette.

Stortinget vedtok Førdepakken i juni 2015. Denne inneheld 20 ulike tiltak som vil gi eit meir fleksibelt og robust vegnett, og sikre meir stabil og smidig trafikkavvikling i Førde sentrum. Vidare ligg det inne ei sterkt satsing på gang- og sykkelvegar som vi gi dempa biltrafikk og betre lokalmiljø i Førde. Mange av tiltaka vil gi ei nødvendig oppgradering av vegar til dagens standard, auke trafikktryggleiken, frigjere bandlagte område, fjerne kritiserte og utviklingshemmande rekkefølgjekrav, stimulere til byutvikling, og gi Førde eit estetisk løft.

Sidan vedtaket i Stortinget er det gjennomført reguleringsarbeid på mange av dei 20 tiltaka, og arbeida på tre av dei er òg blitt ferdig. Dette gjeld utbetring av krysset ved Bergum, ny gang- og sykkelveg frå Løken til Førde barneskule, og Askvoll-krysset m/gang-og sykkeveg mot Steinen. I tillegg er gang- og sykkelveg gjennom Hafstadparken i ferd med å bli sluttført. Førdepakken er elles i all hovudsak i rute, og status i dag er alle tiltaka skal vere ferdig om 5 år.

I utfordringa til Osland, Skrede og Myklebust blir det både tatt til orde for at bilbrua frå Hafstad til Førdehuset ikkje trengs, og at det ikkje er nødvendig med ei ny gate/bilveg frå Langebruvegen til fv 5. Eit stort fleirtal i bystyret meiner derimot at begge desse vegane er nødvendige for å utvikle dei nye bydelane og å sikre god trafikkflyt i Førde. Dette er nå òg på nytt gjennomgått av Statens vegvesen, som i ei orientering til formannskapet i Førde denne veka, hadde dei same konklusjonane som tidlegare.

Når det gjeld bilbrua var det usemje i bystyret om sjølve trasevalet. Avgjerda er nå tatt, men endeleg utforming er ikkje gjort. Høgre håper at prosessen framover vil vise at det likevel er råd å bygge brua utan at kunstgrasbana framfor Førdehuset blir ramma, t.d. gjennom ei tilpassing av brua og forskyving av kunstgrasbana, og vil saman med andre arbeide for det. I motsett fall står kravet om erstatningsbane fast. Uavhengig av dette vil vi arbeide for at det òg blir bygt ei eiga sykkel- og gangbru som kan binde Førdehuset og Hafstad idrettspark endå betre saman.

Ei anna tema som vi òg er utfordra på er spørsmålet om kvifor det ikkje blir bygt tunnelar rundt Førde for å unngå trafikk i sentrum. Dette er spørsmål som fleire gangar har vore opp til vurdering, og som Statens vegvesen nå på ny har gått gjennom. Også her er konklusjonane som før; ein kombinasjon av svært høge kostnader, store inngrep og manglande reduksjon av trafikken i sentrum, gjer at desse ikkje er aktuelle og blir direkte frårådd av fagetaten. Når det gjeld ein evt tunnell i sør (frå Førde Hotell til Hafstad), har ein likevel bandlagt areal til tunnell-inngangar, slik at det er opning for at tunnelen kan bli bygt i framtida dersom dette viser seg aktuelt.

Etter underteikna sitt syn må dei store hovudlinjene i Førdepakken derfor stå fast, og eg opplever at det òg er god oppslutning om dette i det politiske miljøet. Det må likevel vere rom for å gjere vurderingar under vegs, og evt gjere endringar og tilpassingar som viser seg betre enn dei opphavlege planane. Dette må Førdepakken og Sunnfjord kommune samarbeide om i åra framover.

Så vil eg gjerne få trekke fram brua på Halbrensøyra, som eg meiner står sterkare nå enn då Førdepakken blei vedtatt. Brua vil bli eit svært godt bidrag til sentrumsutvikling, her medrekna redusere biltrafikken i sentrum. Tiltaket er det siste tiltaket i Førdepakken (tiltak 20), og vi må sørge for at dette òg blir gjennomført.

Til slutt vil eg nemne eit anna stort prosjekt som òg vil har mykje å seie for Førde sentrum; ny E39 Langeland-Førde-Moskog. Her må det jobbast godt for å få dette viktige prosjektet inn i NTP.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags