Sp vil satse på Førdehuset og Hafstadparken

LØYSING: Senterpartiet vil leite etter løysingar i Førdepakken som tek vare på kunstgrasbana framfor Førdehuset, skriv Jenny Følling.

LØYSING: Senterpartiet vil leite etter løysingar i Førdepakken som tek vare på kunstgrasbana framfor Førdehuset, skriv Jenny Følling.

Av
DEL

LesarbrevSenterpartiet vil utvikle Førdehuset og Hafstadparken til ein moderne, attraktiv idrettsarena med allsidige idrettsanlegg for framtida. Prosjektet Førdehuset Arena illustrerer korleis utbygging av Førdehuset kan løysast og gi barn og ungdom eit godt og allsidig idrettstilbod til ulike idrettsgreiner, så dei kan vere fysisk aktive og utvikle sine ferdigheiter.

Ny symjehall er alt lagt inn i økonomiplanen, men resten av konseptet Førdehuset Arena bør realiserast. Det trengst volleyballbane med internasjonale mål, handballbaner, symjehall tilpassa mål for konkurransesymjing, turnhall der apparat kan stå permanent, og som ikkje må monterast opp og ned for kvar treningsøkt. Dessutan manglar fotballen ein storhall.

Førde har i mange tiår hatt eit volleyballmiljø som har hevda seg i landstoppen. Sist sesong hausta både damelaget og herrelaget NM-gull. Førde IL har ei særdeles stor og aktiv handballgruppe, men manglar anlegg til å køyre større turneringar. Det er eit svært aktivt symjemiljø, og det største turnmiljø i fylket med over 400 på venteliste. Dessutan har Førde eit svært stort fotballmiljø. I dag har Førde berre 1/3 anleggsdekning.

Senterpartiet vil leite etter løysingar i Førdepakken som tek vare på kunstgrasbana framfor Førdehuset. Det er avgrensa areal rundt Førdehuset, og det er viktig å bruke dette godt og framtidsretta til idrettsanlegg for framtida sine behov og utvikling av Førdehuset som idrettsarena. Samstundes må det finnast gode løysingar for å knyter saman Førdehuset og Hafstadparken.

Den nye brua må dimensjonerast og utformast i forhold til det der er plass til. Det må kunne finnast kompromiss som kan ta vare på kunstgrasbana og friidrettsbana framfor Førdehuset og eit godt vegsamband mellom Førdehuset, Hafstadparken og Angedalsvegen. Dette er ei sak Senterpartiet er opptatt av å løyse.

Forholda for fotballen kunne raskt vorte forbetra med ei rehabilitering av kunstgrasbana framfor Førdehuset, og ei ny 11-ar bane på Øyrane der fylkeskommunen skal bygge ut Førde vidaregåande skule.

Breiddeidretten og nærmiljøanlegg skal vere basisen i Sunnfjord kommune si satsing på idrett. Samstundes skal det vere mogleg å utvikle våre eigne idrettstalent i Sunnfjord kommune.

Førdehuset var banebrytande i landssamanheng. Førdehuset er blitt ein viktig del av identiteten til oss som bur i Førde og i Sunnfjord. Det har i 40 år vore Sunnfjord si storstove, og var første huset i fylket der ein kombinerte anlegg for idrett og kultur. Det trengst difor ei ny satsing på Førdehuset som anleggs- og aktivitetshus. Satsinga på ny kulturskule, kino, gjerne ungdomsklubb, utviklinga av bibliotektenesta og utvikling av idrettsanlegga passar som hand i hanske i eit godt oppvekstmiljø i den mest folkerike delen av Sunnfjord.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags