Omstilling til eit framtidsretta Sunnfjord

KLIMAKUTT: Marius Dalin vil jobbe knallhardt for klimakutt og biomangfald

KLIMAKUTT: Marius Dalin vil jobbe knallhardt for klimakutt og biomangfald Foto:

Av
DEL

LesarbrevKlimaendringane kjem tett innpå oss når ekstremnedbøren rammer Vestlandet. Vi er utolmodige etter å komme skikkeleg i gang med klimaomstillinga – for at barna og barnebarna våre skal ha eit framtidsretta og levande Sunnfjord å bu i.

Bjørg Sølvi Refvik (PDK) hevdar i Firda 28.08.19 at menneskeskapte klimagassutslepp ikkje har noko å seie for klima. Om det var slik at det var ein stor usikkerheit om menneskeskapte klimaendringar, kva ville då vere det kloke å gjere? Lar ein vere å omstille seg og tek feil vil det få særs dramatiske konsekvensar. Om ein omstiller seg og tek feil vil ein kunne leve gode liv i eit samfunn som ikkje er avhengige av ressursar som vil ta slutt ein gong uansett. Det rasjonelle valet bør vere klårt for dei fleste.

Refvik meiner at Dei Grøne sin politikk ikkje vil vere med å redde menneske og natur frå dramatiske klimaendringar. Der er eg sterkt usamd. Skal vi klare å ta vare på ein høgtståande sivilisasjon slik vi er vane med må vi omstille oss og det raskt.

Forskarane fortel oss at dei er stekt bekymra over at omstillinga vår går alt for langsamt. Omstillinga blir krevjande, men den gode nyheita er at vi kan få det endå betre om vi legg vekt på livskvalitet, ha tid til kvarandre og ein god fordelingspolitikk. Dessverre er ikkje dei andre partia utolmodige nok eller er bundne til samarbeidspartnarar som er bremseklossar i utviklinga. MDG har den kompetansen og engasjementet som må til for å få til det grøne skiftet raskt nok. Det har vi vist i Oslo.

Vi vil gjerne få vise det i Sunnfjord og, om veljarane gjev oss tillit til det. Sjølvsagt har vi andre løysingar i distrikta enn i dei store byane. Vi vil til dømes gjere det enklare å eige og køyre elbil, betre kollektivtrafikk mellom tettstadene slik at jobbpendlarar får eit reelt alternativ og vi vil ha ekspressbuss direkte kvar time til Ålesund og Bergen. Vi satsar tungt på ras- og flaumsikring framfor rådyre fjordkryssingar som gjer ein trafikkauke vi ikkje treng. Er du og bekymra og utolmodig håpar eg du stemmer MDG.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags