Brua løyser ingen trafikkproblem

SYKKELBRU: Skrinlegg brua, bygg ei eller to sykkel- gangbruer mellom Førdehuset – Sjukehusparken og Hafstadparken, skriv artikkelforfattaren.

SYKKELBRU: Skrinlegg brua, bygg ei eller to sykkel- gangbruer mellom Førdehuset – Sjukehusparken og Hafstadparken, skriv artikkelforfattaren.

Av
DEL

LesarbrevDet er kjekt å sjå i Firda, at innlegget til Lidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust om Førdepakken, tunnel og bruer har sett ordførarkandidatane i nye Sunnfjord Kommune i «spel». Fleire lovar jo no at brua ved Førdehuset skal planleggast med minst mogleg inngrep i eksisterande idretts- parkanlegg,,,, Svada!

Kor mange millionar skal ein bruke før ein tar til vit, og forstår at denne brua ikkje løyser nokon av «trafikkproblema» ii Førde sentrum.
Ingen av politikarane, ingen i Statens vegvesen har til dags dato kunne fortelje oss kva denne brua løyser av trafikkproblem, – køar. Kva er det som gjer denne brua så viktig for Førde kommune? Det foreligg kanskje lovnader som seier at brua SKAL komme,,,, lenge før vedtak og reguleringsplanar er godkjende?

No er det nye Sunnfjord Kommune som skal godkjenne eller seie nei!

Skrinlegg brua, bygg ei eller to sykkel- gangbruer mellom Førdehuset – Sjukehusparken og Hafstadparken. Det er det folk i Førde vil ha og lenge har argumentert for.

Den store trafikkanalyse som m.a. ordførar Grotle og Statens vegvesen argumenterte for for et par år sidan, seier m.a. at det i 2040 vil vere 40–45 min ventetid/kø frå Klettentunnelen og inn til Storehagen bru om vegnettet i sentrum av Førde ikkje vert utbygd. Det einaste som kan endre på dette er bru over til Halbrendsøyra frå Øyrane!

Det «ligg i korta» at dei som har laga analysen, ikkje har fått lov til å tenke tanken om å legge E39 i tunnel i Hafstadfjellet som m.a. Kjartan Myklebust har argumentert for i fleire omgangar. Som er den beste løysinga i dag.

Eg har i fleire innlegg i Firda kjempa mot denne brua, ei bru som ikkje løyser noko av «trafikkproblema» i sentrum. Det verkar som det er «oss eldre» i Førde som ser galskapen i dette!

Kvar er « dei yngre» i politikken som skal bu i ein urban by med biltrafikk gjennom dei fredelegaste områda i Førde?

Kva skal borna ved den nye Kulturskulen, ved Førdehuset med sine aktivitetar, Førde Ungdomsskule og Hafstad Idrettspark med endå meir biltrafikk når dei skal gå til og frå? Foreldra må køyre dei til og frå,,, vi får meir trafikk internt i Førde!
No har vi som veljarar høve til å velje dei som vil ha Førdepakken opp til ny vurdering. Stryk dei som ikkje tek standpunkt så vil vi sjå etter valet kven som held oss veljarar for narr og kven som står for det dei seier i valkampen. Godt val.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags