Bli med på tiltak som gir effekt for fattige

Joakim Janninge er 1. kandidat for  Fjaler SV

Joakim Janninge er 1. kandidat for Fjaler SV Foto:

Av
DEL

LesarbrevStadig fleire ungar lever i fattigdom i Noreg. Med fattigdom følger skam og tilbaketrekking. Då treng me ikkje fleire tiltak som understrekar kven som er fattige.

Barn i fattige familiar har vore tema i Fjaler kommunestyre i siste periode. Fjaler SV er glad for det engasjementet fleire viser. Det er skammeleg for kommunen vår at ungar ikkje kan ta del i samfunnet på lik linje med andre. Vi kan ikkje ha det sånn! Vi synest det er bra at kommunen har tiltak for å gjere det enklare for barn frå fattige familiar, og at heile kommunestyret slutta seg til eit forslag om å greie ut vidare tiltak. Dette har teke lang tid og vi har enno ikkje komme vidare og ungane er framleis i same situasjon. I tillegg kjem det fleire barn og familiar til.

Opplevingskort eller liknande som gir gratis tilgang til ulike aktivitetar, er eit steg i rett retning. Men er dette tiltak som dei aktuelle familiane ønskjer seg, eller er det snarare eit tiltak som set kommunen i eit godt lys?

Slike såkalla «målretta» tiltak, som berre er tilgjengeleg for dei som har aller minst, viser seg dessverre ofte å vera lite målretta i praksis. For saman med aktivitetskortet eller gratisplassar kjem også stempelet og skamma: Vi er fattige. Vi er ikkje som dei andre. Redselen for å bli kjent igjen som dei stakkars trengande, gjer at ungar frå fattige familiar heller trekker seg tilbake, og seier at dei ikkje er så interessert i å delta.

Det som verkeleg hjelper for å få foreldre og ungane deira ut av fattigdom, er ei inntekt å leva av og ein sterk velferdsstat med universelle ordningar – tilgjengelege for alle. Difor utfordrar eg dei andre partia til å bli med på eit tiltak med garantert effekt: La familiar som lever på sosialhjelp få barnetrygd på lik linje med alle andre og ikkje få den trekt frå den økonomiske sosialhjelpa sånn som no, for då får dei i praksis ikkje barnetrygd.
Om ein er ein barnefamilie i Fjaler kommune som tek imot økonomisk sosialhjelp så får ein ikkje vere med på aukinga i barnetrygda som kom for fyste gang på to tiår i 2019. Regjeringa har bestemt at det er opp til kommunen sjølv å bestemme korleis ein vil gjere dette. Når alle familiar med born får auka barnetrygd utanom dei aller fattigaste så er det noko som skurrar

For det er vel viktigare å motverka fattigdommen enn å klappa andre på hovudet og seie «stakkars deg»?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags