Start prøveprosjekt på sekstimars dag

I 12. TIME: Raudt meiner at det er god timing å innføre heiltidskultur og forsøk med sekstimarsdag i nye Sunnfjord kommune.

I 12. TIME: Raudt meiner at det er god timing å innføre heiltidskultur og forsøk med sekstimarsdag i nye Sunnfjord kommune. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI verdas mest likestilte land er arbeidslivet framleis prega av store forskjellar mellom kvinner og menn. Kvinner er overrepresentert blant deltidsarbeidarane og tener langt mindre i snitt enn menn (Dagens Næringsliv 31.8.2019).

Raudt ynsker å lovfeste retten til heiltidsstillingar. Vi meiner deltid skal vere ei mogelegheit, men at heiltid skal vere ein rett. Altfor mange lønstakarar arbeider deltid mot sin vilje. Det gir låg inntekt, dårleg pensjon og ein kvardag der mange må jakte på ekstravakter for å få økonomien til å gå rundt.

Å lovfeste rett til heiltid tyder i praksis at arbeidsmiljølova skal slå fast at det skal som hovedregel tilsettast i full stilling slik det står i tariffavtalen i kommunal sektor i dag. Då blir det slik at unntaka må grunngjevast, og fleire vil bli tilsett i heile stillingar. Dette kan ta tid og medan vi ventar på ei slik lovendring kan Sunnfjord kommune vere eit føregangsland ved å tilby mest mogelege heile stillingar. Sunnfjord kommune vil ha eit fortrinn i rekruttering av arbeidskraft og vil framstå som ein attraktiv kommune å arbeide i. Ein heiltidskulur i Sunnfjord kommune ledar oss også mot innføring av sekstimersdagen.

Raudt indre Sunnfjord ynskjer at Sunnfjord kommune startar prøveprosjekt på sekstimersdagen i utvalte kommunale helse- og sosiale tenester / institusjonar, det er der det er mest deltidsarbeid.

Sekstimers normalarbeidsdag vil vere ei miljøreform, likestillingsreform og velferdsreform. Norske arbeidsfolk skapar stadig meir verdiar gjennom sitt arbeid. Norge ligg på toppen i både BNP per innbyggjar og personlig konsum per innbyggjar, og forbruket aukar. Dersom vi skal bremse klimaendringane og redde miljøet må forbruket ned.

Å bytte ut framtidig lønsvekst i meir fritid vil gje ei naudsynt bremsing i forbruk, men også gi auka fritid og friheit. Det er over 15 år sidan auke i verdiskaping vart teke ut i auka fritid, då den femte ferieveka vart vedtatt i år 2000.

Sekstimersdag med full lønskompensasjon vil gje dei mange som arbeider ufrivilleg deltid, i hovedsak kvinner, ei løn å leve av. Mange av dei som allereie arbeider deltid, og som ikkje får høgare stilling eller som ikkje greier å arbeide meir, vil få mogelegheit til full løn. Dette vil gje svært mange eit betre grunnlag for økonomisk sjølvstende og skape eit meir inkluderande arbeidsliv.

Raudt arbeider for at meir av produktivitetsveksten kan takast ut i form av kortare, dagleg arbeidstid og at komande tariffoppgjer til vert brukt til ei gradvis innføring av sekstimersdagen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags