Gå til sidens hovedinnhold

Dei Grøne om vegvedlikehald i Fjaler

Artikkelen er over 5 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

1. Dei Grøne meiner at det er i fellesskapets interesse at vegar til gardar i drift får vedlikehald. Dei Grøne vil støtte bøndene og tilretteleggje for tilflytting til grendene i Fjaler fordi vi treng gardane for å auke matproduksjonen og folk til å bu der ein kan dyrka jorda (t.d. i Guddal). Tankbilen må fram til å hente mjølk og dyr må kunne reise til slakt.

2. Det er grunn til å vere redd for avfolking på plasser med lange private vegar, t.d. Kalstadvegen, Tyssekvamsvegen.

3. Folk må kunne søkje om endring av statusen til vegen sin slik at fleire kjem inn under kommunale vegar.

4. Private vegar kan vere den einaste måten dei med redusert funksjonsevne (t.d. rullestolbrukarar) kan kome seg ut i naturen på. Andre har behov for å trille barnevogn, sykle eller gå på desse vegane når det er blautt på turstiane og utmark. Dei Grøne ser det som kommunens ansvar å halde ope og i adekvat stand desse vegane til allmenn bruk. Kulturbudsjettet bør ha ein post som sikre vedlikehald av vegane som gir tilgang til Den Trondhjemske Postvei, som er viktig for folkehelse for lokale innbyggjarar og som turistattraksjon.

5. Folk i sentrum bør ikkje ha noko imot å betale nokre hundre kroner ekstra i eigedomsskatt i året viss alle vegane i Fjaler er brøyta i god tid, også dei i Dale sentrum. Vent med brøyting av parkeringsplassen utanfor kommunehuset ein søndag føremiddag og heller prioriter brøyting av andre vegar!

6. Alle betaler same skatten i Fjaler og bør få same tenesta uansett kvar dei bur. Ambulansen og andre naudbilar må kunne kome fram og det er i kommunens interesse at vegane er ope for heimeomsorgstenesta.

7. Private vegeigarar som ikkje får gjennomslag for oppgradering til kommunalveg kan få midlar til vedlikehald av ein privat veg, t.d. naturskadefondet ved flaumskade. Det er også ordninga for private vegar i veglova § 56 der eigarane og brukarane av vegen kan søkje kommunen om løyve til å krevje inn bompengar på private vegar. Kommunen skal då fastsetje bomavgifta. Det er t.d. slik i Gaular at ein betaler kr 50 i bompengar for vegane til Bjørvikstølen, Storehesten og bak Laukelandshesten.

8. Kommunale- og private vegar er ikkje salta av kommunen om vinteren, men i sommarvedlikehaldet er salt brukt som bindestoff på grusvegar. Fjaler kommune er flink til å asfaltere kommunale vegane (86% i Fjaler mot 27% i Hyllestad). Dette er økonomisk bra – ein asfaltert veg krev mindre vedlikehald og kostar mindre i drift (grusen er vaska vekk med ein gong det regner!). Opptak av private vegar til kommunale vegar som då vert asfaltert vil skåne naturmiljøet for salt og aukar levetida til køyretøy som bruker vegane med mindre rust. Når vi ser den store skilnaden mellom kommunane når det gjeld asfaltering, kan vi stille spørsmål til om det er lurt med ei evt. kommunesamanslåing.

Difor vil Miljøpartiet Dei Grøne Fjaler jobbar for at "gardsvegane" som er i dag reknar som private vegar kan søkje om status som kommunale vegar slik at kommunen har vedlikehald og dekkjer kostnadene for desse gardsvegane.

Kommentarer til denne saken