Utlandet er bra

SKYTESKIVE; Utanlandske investorar har alt blitt gjort til skyteskive i den norske vindkraftdebatten, utan å ha fortent dette, skriv Erik Espeset

SKYTESKIVE; Utanlandske investorar har alt blitt gjort til skyteskive i den norske vindkraftdebatten, utan å ha fortent dette, skriv Erik Espeset Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er greitt å vere sakleg imot vindkraft, men Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn ved Ingunn Kjelstad bør vere varsam med å svartmale utanlandske investorar. Dei fleste investorar er redelege selskap som investerer i vind fordi dei vil tene pengar og gjere noko for klimaet. Dette gjeld både utanlandske og norske investorar.

Utanlandske investorar har alt blitt gjort til skyteskive i den norske vindkraftdebatten, utan å ha fortent dette. I verda deira blir dei invitert hit av norske utviklingsselskap for å investere i norsk fornybar energi. Dei følgjer norske lover og reglar slik som seriøse norske selskap også gjer.

Med denne hetsen mot utanlandske investorar, kva skal utlendingar som bur i Noreg, vitjar oss som turistar eller investerar her tru om oss? Kva om det kjem sensasjonssugne journalistar frå Tyskland hit? Kva hvis det kjem ei overskrift i Frankfurter Allgemeine Zeitung «Nordmenn avskyr utlendingar og framfor alt tyskarar». Det fins heilt sikkert journalistar der som er like omtrentlige med fakta som nokre norske. Kva trur vi at det gjer med lysta til å handle med oss, f eks å kjøpe tømmer frå Sunnfjord eller kome hit på ferie?

«Utlandet» er vi heilt avhengige av både for å kjøpe det vi har for lite av, selge det som vi har for mykje av og gje oss tryggleik mot aggressive stormakter i nabolaget vårt. Dei fleste av oss har utanlandske kollegaer og mange av oss jobbar i bedrifter som er eigd av utlendingar. Utan utlendingane hadde Noreg stoppa opp. La oss handsame våre utlendingane våre med respekt.

Vindkraftdebatten bør vi ta mellom oss her i Kongeriket og halde oss for gode til blande inn uskuldige utlendingar som ikkje kan forsvare seg.

Eg prøver å føre eit sakleg ordskifte mot Motvind og Ingunn Kjelstad. I sitt siste motsvar påstår ho at eg driv med personåtak. Det kan godt hende at eg er ein avstumpa stut i argumentasjonen min og ikkje forstår dette sjølv. Dersom nokon av lesarane skulle synest at eg driv med personåtak, så ber eg så mykje om orsaking for dette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags