Vi må lytte til ungdomen!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevMidt oppe i debatten om kommunesamanslåing og diskusjonen om korleis framtidas Sogn og Fjordane skal sjå ut, kjem no tala som viser kvar ungdommane i fylket ynskjer å gå på vidaregåande skule. Ikkje overraskande er det langt fleire søkjarar enn elevplassar til studiespesialisering på vg1 på Hafstad vidaregåande skule (vgs) og ved elektrofag vg1 ved Mo og Øyrane vgs. Desse kjem ikkje berre frå Førde, men frå alle nabokommunane rundt.

Førde Venstre vil difor gje honnør til opplæringsavdelinga i fylkeskommunen for å lytte til ungdomen og auke opp elevplassane der ungdomen sjølv ønskjer å gå. Det er å setje ungdomen først framfor andre omsyn. Likevel - å kutte ei klasse på 2. steget på Hafstad vgs. er ein brist i dette som vil gå utover dei svakaste elevane midt i skuleløpet. Desse 19 elevane vil måtte sluttføre sine vidaregåande løp på ein annan skule i fylket, sjølv om vi veit at det er nettopp desse som kan få dei største utfordringane med hybellivet eller falle heilt ut. Dette strir mot eit av hovudmåla til fylkeskommunen - god gjennomføring - og må difor vege tungt.

Førde Venstre vil be våre fylkespolitikarar om å hindre dette kuttet, men elles støtte oppjusteringa av elevplassar. Vi vil kort og godt be dei legge vekt på det vi veit om ungdommen vår dei neste åra. Statistikk frå grunnskulane frå inntaksområda til dei vidaregåande skulane i Førde er kjende og viser ein auke. Historikken viser at dei fleste søkjer seg til nærskulen sin. Dette gjeld like mykje ungdom i Jølster, Naustdal og Gaular, som har dei vidaregåande skulane i Førde som sin nærskule. Denne kunnskapen må vi byggje på når vi skal forme ein levedyktig vidaregåande skule i fylket vårt.

Alle politiske parti er samde om at ungdommen er nøkkelen til utvikling i Sogn og Fjordane. Venstre er ikkje noko unntak. Det å satse på ungdomen og det å setje dei fyrst, inneber å lytte til kva ungdomen sjølv vil. Det har opplæringsavdelinga gjort, og det bør også Hovudutvalet for opplæring gjere på sitt møte 30. mars.

Førde Venstre, ved Gunn Merete Paulsen og Anne Mette Hjelle

Jølster Venstre, ved Vigdis Tonning

Naustdal Venstre, ved Eivind Husabø

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags