Når skal folk forstå at skulesystemet er utdatert?

Aldri à jour: Elevane sit oppe om nettene, som fører til søvnmangel, vi bekymrar oss for alt skulearbeidet som heng over skuldrene våre, og vi kjem aldri à jour. Det er så mykje jobb heile tida, og det tar aldri slutt, skriv Dagny Sunde. Bildet er eit illustrasjonsfoto.Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Aldri à jour: Elevane sit oppe om nettene, som fører til søvnmangel, vi bekymrar oss for alt skulearbeidet som heng over skuldrene våre, og vi kjem aldri à jour. Det er så mykje jobb heile tida, og det tar aldri slutt, skriv Dagny Sunde. Bildet er eit illustrasjonsfoto.Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Eg synest det er sinnssjukt at eit tal på eit ark skal bedømme kvar vi ender opp i livet. Det er noko seriøst gale med dagens skulesystem og måten vi blir dømde på ein skala frå 1 til 6. Er ikkje det sjukt? At andre menneske skal setje eit tal på kvalitetane dine?

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevVi ser saker på saker, innlegg på innlegg og meiningar på meiningar om dette temaet. Om kor dårleg det norske skulesystemet er.

Eksamen er det mest tullete, gammaldagse og urettferdige systemet vi har. Er du heldig og vert trekt opp til eksamen i eit fag du likar, så får du kanskje gullbilletten inn på det studiet du ville. Men dersom du vert trekt opp i eitt av dine svake fag, så er det kanskje akkurat nok til at snittet ditt blir 0,1 karakter for lågt til å utdanne deg til det du hadde jobba slik for.

ELEVANE SIT oppe om nettene, som fører til søvnmangel, vi bekymrar oss for alt skulearbeidet som heng over skuldrene våre, og vi kjem aldri à jour. Det er så mykje jobb heile tida, og det tar aldri slutt.

Noko er gale når vi ender opp i tårer fordi pensumet er for stort. Fordi vi ikkje klarar å komme rundt alt. Er det slik eit skulesystem skal fungere? For meg verkar det som at eit mål for politikarar som styrer med skuleregimet, er at flest mogleg skal møte veggen. «Vi doblar pensumet, så får vi kanskje fleire til å knekke saman,» eg trudde vi hadde ei arbeidsløysekrise i Noreg, og då hjelper det ikkje å sørgje for at færrast mogleg skal stryke på eksamen.

NOKO SOM  irriterer meg grøn, er at eg blir tvinga til å velje programfag eg absolutt ikkje har lyst til å ha. Eg skjønar at det må vere slik for at planen skal gå opp, men det er utruleg urettferdig.

Dersom ein elev er heldig, går timeplanen opp slik at han får velje dei tre faga han er best i. Dermed har denne eleven ein større sjanse enn meg til å komme inn på ønska studie, fordi han vil få høgare karakterar enn meg.

Eg vil ikkje klare å oppnå gode karakterar i eit fag eg absolutt ikkje likar, og ikkje har hjerne for å forstå. Eg får kjensla av at lærarane somme gonger gløymer at vi har andre fag enn deira. Når alle lærarar gløymer

det, så er det klart at det blir for mykje arbeid.

«Det verkar som eit mål er at flest mogleg skal møte veggen»

EG HAR snart brukt 12 år av livet mitt på skule. På å inngravere kunnskap i hjernen min som eg mest sannsynleg hadde

klart meg like godt utan. I 12 år har livet mitt bestått av skule. Ja, det har gitt meg veldig mykje; eg har fått eit sosialt nettverk med mange vener, eg har lært meg sekundærsosialisering på mange plan, eg har fått med meg mykje nyttig allmennkunnskap, og eg har ofte hatt det kjekt.

Men skule har også tatt frå meg. Skule har tatt mykje av mi fritid som eg helst ville brukt på andre ting, skule har tatt frå meg motivasjon, skule har tatt tårer, og skule har tatt frå meg moglegheita til å ta eigne val. Eg synest det er sinnssjukt at det ikkje blir gjort noko med.

DET FINST folk som har det forferdeleg på skulen kvar einaste dag, og likevel blir det ikkje gjort noko med. Når skal folk forstå at opplegget ikkje er godt nok? Kor mange slike innlegg må skrivast før det blir tatt opp som eit seriøst problem?

Det må berre seiast at eg har det veldig kjekt med lærarane og venane mine på skulen, og eg liker mange av faga mine. Problemet er berre at pensumet er fylt med altfor mykje unyttig kunnskap, og vi har i periodar rett og slett for mykje arbeid.

Sjølv om eg som oftast har det kjekt på skulen, så meiner eg det eg skriv. Og då tenkjer eg på kor jævlig det må vere for dei som ikkje eingong har det kjekt i friminutta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags