Alle elevar treng ein kvalifisert lærar!

Av
DEL

LesarbrevElevane i Sogn og Fjordane gjer det godt på skulen, mykje betre enn ein skulle vente ut frå det generelle utdanningsnivået i fylket. Mange har spurt seg kva som fører til dei gode resultata, og forskarar trekk fram m.a. familiane sine haldningar til skulen og godt samarbeid mellom kommunane og høgskulen i fylket som ein del av bakgrunnen. Vi veit også at lærarane våre gjennomgåande har mykje utdanning.

Elevane nyt godt av å ha ei lærarutdanning i fylket. Vi har også i Sogn og Fjordane ukvalifisert personale i skulane. Det er i snitt litt lågare enn for resten av landet. Ved utlysingar, ser vi at det er lettare for kommunar som ligg i nærleiken av der ein har utdanningstilbod til lærarar, å få kvalifiserte søkarar. Målsetninga må vere å få redusert talet på ukvalifiserte. Tilgang på lærarutdanning i fylket er av stor betydning når det gjeld å rekruttere kvalifiserte lærarar og gi tilbod om etter- og vidare utdanning.

Dette veit politikarar og har teke ansvar for ei distriktsvennleg høgskulestruktur, vi er uroa over tendensane vi no ser, der utdanningspolitiske val med store samfunnsmessige konsekvensar, vert delegert til styra i den einskilde høgskule/universitet. I skrivande stund la Nord Universitetet ned lærarutdanninga på Nesna i Nordland fylke. Politikarane må ta ansvar og sikre eit distriktsvennleg utdanningstilbod!

Vi veit at vi står ovanfor ein lærarmangel. I 2021 vil vi mangle om lag 10 000 lærarar i Norge og talet på ufaglærte i skulane har vore aukande dei siste åra.

Utdanningsforbundet ser svært alvorleg på denne situasjonen. Dagens lærarutdanning er på fem år, der ein lærer om barn og unge, og korleis dei utviklar seg og lærer. I tillegg tek mange lærarar etter- og vidareutdanning i både undervisningsfag og andre pedagogiske emne. Det er umogleg for ein ufaglært å gje elevane det same tilbodet som dei får av ein utdanna lærar.

Kvar kommune har ansvaret for å ha nok lærarar i sine skular. Det må gjerast tiltak for å styrke rekrutteringa av lærarar, kanskje også for å kvalifisere dei som no står i klasserommet utan å ha godkjend utdanning til det.

Utdanningsforbundet i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal oppmodar politikarane våre om å ta tak i denne viktige saka, og sikre at alle elevar får undervisning av ein kvalifisert lærar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags