Skivebom frå Unge Høgre

Av
DEL

LesarbrevDen norske skulen har ei enorm utfordring. Ein av fire ungdomar fullfører ikkje vidaregåande opplæring. Dette er uakseptabelt.

Vi må skape ein skule der ingen vert ståande igjen aleine i bakgrunnen. Unge Høgre er på villspor då dei på trykk i Firda den 3. desember peikar på at ei av dei store utfordringane i skulen er at vi ikkje har flinke nok lærarar, og at støtte til skulefrukost er unødvendig bruk av pengar. Dei tar ikkje tak i røtene til problemet.

For vi hugsar vel alle den gymtimen der vi stod på rekke og rad og skulle bli delt inn i dei ulike laga. Ein, to, tre fire, ein, to, tre fire, slik vart vi delt inn, enkelt og greitt. Det som blir den vonde parallellen, er at læraren kan gjere det same i klasserommet når det første året nærmar seg slutten. Allereie då er det mogleg å sjå kva fjerdedel som kjem til å slite i resten av skulegangen. Ein, to, tre, fire. Det er brutalt, men slik er det. Dette viser oss kor viktig det er at vi er tidleg ute.

Eit av dei store problema er rett og slett at læraren ikkje har nok tid til å følge opp alle elevane. Arbeidarpartiet sitt hovudtiltak for å betre skulen er på denne måten veldig enkel. Vi trur at skulen vert betre når lærarane får tid til å vere lærarar. Mindre rapportering og detaljstyring, og meir tid til å gjere innsatsen der den trengst – i klasserommet. Difor er eg veldig glad for at Arbeidarpartiet i sitt alternative statsbudsjett setter av midlar til å tilsette 1000 fleire nye lærarar i 2019.

Grunnlaget for læring er ofte like viktig som læraren. På skulen lærte eg om Maslow sin behovspyramide som seier at alle menneske har nokre grunnleggande behov. Om ein sit svolten eller tørst i klasserommet, så er det vanskeleg å lære. Om ein sit i klasserommet og føler seg utrygg, så er det vanskeleg å lære. Om ein sit i klasserommet og følar seg åleine og utanfor, så er det vanskeleg å lære.

Difor er alle tiltak som hjelper eleven å lære ofte like nødvendige som sjølve læraren. Dei to går hand i hand. Den eine fungerer ikkje utan den andre. Difor er skulefrukost ikkje berre ein kostnad, men eit av dei viktigare tiltaka som tek oss i riktig retning. Arbeidarpartiet klarar å ha to tankar i hovudet på same tid.

Sindre Hornnes

Fylkesleiar, AUF i Sogn og Fjordane


Politikk handlar om prioriteringar. Vi i AUF prioriterer skulen. For vi ønskjer å skape ein skule der alle kan lukkast. Ein skule der bakgrunnen din ikkje skal avgjere moglegheitene dine. Der vi har fleire lærarar i klasseromma, og eit læringsmiljø der alle vert sett. Tidleg innsats heiter det på fint. Sunn fornuft blir det i praksis.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags