Arbeidarpartiet gir oss unge meir fridom

LUKKAST: For Arbeidarpartiet er det aller viktigaste at kvar einaste elev får moglegheita til å lukkast, uansett kor du bur, skriv Stian Jean Opedal Davies og Sandra Tenud i artikkelen.

LUKKAST: For Arbeidarpartiet er det aller viktigaste at kvar einaste elev får moglegheita til å lukkast, uansett kor du bur, skriv Stian Jean Opedal Davies og Sandra Tenud i artikkelen.

Av
DEL

Meiningar 

At Bergen Unge Høgre ynskjer karakterbasert inntak med mest mogleg konkurranse overraskar ikkje, men det kjem som en overrasking at også Vebjørn Leite Olsen frå Unge Høgre i Sogn og Fjordane ynskjer det. For løysinga til Høgre vil berre bygge ned Sogn og Fjordane og sende dei svakaste vekk frå vener og familie.

For Arbeidarpartiet er det aller viktigaste at kvar einaste elev får moglegheita til å lukkast, uansett kor du bur. Alle elevar skal ha moglegheit til å søkje på den skulen dei vil, men også ha ei rett til å gå på en skule i nærleiken av der dei bur. Slik er det i Hordaland i dag, og slik vil vi ha det i heile Vestland. Ingen er teke frå fridomen, elevane har berre fått fleire rettar.

Tenk på Oda som slit på skulen, har det vanskeleg psykisk og opplever ikkje den støtta heimanfrå som ho treng. Ho ynskjer å gå på nærskulen, men har ikkje karakterane til det. Med Høgres løysing må Oda bu på hybel langt vekke frå familie og vener. Med Arbeidarpartiets løysing får ho gå på skulen nærast seg.

Men Høgres politikk skadar ikkje berre dei som slit på skulen, den skadar heile Sogn og Fjordane. Høgre ynskjer stykkprisfinansiering i skulene. Kva skjer då? Om elevar søkjer seg til skuler i Hordaland, vil skulane i Sogn og Fjordane miste pengar. Då blir det ikkje nok pengar til å oppretthalde linjer på VGS, eller kanskje ikkje nok til å oppretthalde heile skuler. Takka være Høgre.

Dette er ikkje fyrste gongen regjeringspartia har gått til angrep på distriktsungdommen i fylket. Tidlegare har dei forsøkt å kutte i bortebuarstipendet og fjerne fridomen til 230 elevar i fylket. Blant anna Evy Søreide som måtte ha slutta på fritidsaktiviteter og flytta heim for å pendle fleire timar til skulen sin kvar dag. Dette smålige angrepet på fridomen til ungdom i Sogn og Fjordane er vi stolte over at Arbeiderpartiet stansa.

Høgre høyrer ikkje på korleis folk har det i Sogn og Fjordane. Det gjer vi i Arbeidarpartiet. Vi vil bygge vidare på skulene i Sogn og Fjordane. Vi vil innføre gratis skulefrukost, få enda fleire helsesjukepleiarar og tilsetje skulepsykologar. Skulene skal ha varierte tilbod, og alle som går yrkesfag skal få læreplass. Godt val!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags