Å satse på yrkesfag er å satse på framtida

Ina Martine Brendø er første nestleiar i Unge Høgre

Ina Martine Brendø er første nestleiar i Unge Høgre Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg er bekymra for framtida. Ettersom vi veit at om berre 15 år kjem vi til å mangle nesten 100.000 fagarbeiderar. Det er 100.000 menneske som skal ta oss i mot i ambulansen når krisen rammar, som skal passe på oss når vi er sjuke og som skal bygge landet vårt.

Det er berømmeleg at fleire og fleire vel yrkesfag, men vi må fortsette å jobbe for at det skal bli ei enda meir ettertrakta studieretning. Då må utdanninga være best mulig. For å få til det må skulekvardagen være relevant og meiningsfull for elevane på yrkesfag. Analyse av Ibsen er verken meiningsfult eller relevant for ein som skal bli elektrikar. Praktisk arbeid som kan overførast til elektrikaryrke derimot, har betyding for eleven. Det er ingen tvil om at yrkesfag treng meir praksis og mindre teori.

Utstyret ein har på skulen er særs vesentlig for kvaliteten på utdanninga. Aldri har teknologien utvikla seg så rask som det den gjer no– samtidig så kjem den aldri til å gå treigare. Utdatert utsyr er ein bremsekloss i utdanningsløpet. Ein kan ha så mykje praksis ein vil i yrkesfaga, men utan oppdater utstyr kjem ein ikkje langt.
Elevane lærer seg til å jobbe med utstyr som ikkje lengre nyttast i arbeidslivet. Når dei omsider byrjar som lærling og kjem ut i bedriftene, må dei starte heilt på ny.

Heldigvis har dagens regjeringa sett utfordingane og dermed forslått å bruke 250 millionar til mellom anna nytt verktøy. Det er eit godt bidrag til relevant og meiningsfull læring.
I samsvar med dette foreslår regjeringa å auke utstyrsstipendet til yrkesfagelevane sånn at det betre samsvarer med utgifter til individuelt utstyr i opplæringa. Dei siste åra har det blitt satsa betre på yrkesfag enn nokon gong. Det er til lukke for oss alle at satsinga på morgondagens fagarbeidarar føreset.

Eit meisterbrev er vel så viktig som ein mastergrad, og eit Noreg på sitt beste krev yrkesfag på sitt beste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags