Sikkerheitsnettet raknar!

HØG TERSKEL: Arbeidslivet i Noreg er blant dei mest produktive og effektive i verda, men terskelen for å delta er høg dersom du ikkje kan yte 100%. Norsk arbeidsliv treng alle hender vi kan få i arbeid, skriv artikkelforfattaren.

HØG TERSKEL: Arbeidslivet i Noreg er blant dei mest produktive og effektive i verda, men terskelen for å delta er høg dersom du ikkje kan yte 100%. Norsk arbeidsliv treng alle hender vi kan få i arbeid, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevUtdanningsforbundet Sogn og Fjordane er uroa over konsekvensane av kutta i velferdsordningar som har kome dei siste åra. Vi har hatt eit sikkerheitsnett til å ta imot oss den dagen vi blir sjuke, skadde eller av andre grunnar ikkje kan stå i arbeid. No ser vi at stadig fleire kjem i ein situasjon der ingenting fangar dei opp. Med endringar som kvar for seg kan synest små, har det stadig blitt klipt hol i sikkerheitsnettet.

I framlegget til statsbudsjett blir arbeidsavklaringspengane for unge under 25 år redusert til 130.000 kr i året. Ung ufør-tillegget er òg føreslått avvikla. For å få arbeidsavklaringspengar må ein dessutan ha minst 50% nedsett arbeidsevne. Ingen, heller ikkje unge vaksne, blir friskare av å få dårlegare råd.

I 2018 vart maksimal stønadsperiode med arbeidsavklaringspengar redusert til tre år, og mogelegheita til å få ei skjønnsmessig vurdering vart svært avgrensa. Det er rett at for mange har gått for lenge på arbeidsavklaringspengar. Men når ein ikkje samstundes utrustar NAV til å anten få folk i jobb eller få vurdert uførepensjon for dei, blir resultatet at ein i staden sender dei over på sosialhjelp, for at dei skal ha mat på bordet.

Steinar Strømsli frå Førde er leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Steinar Strømsli frå Førde er leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. Foto:

I 2015 endra ein ordninga med uførepensjon på ein måte som særleg råka dei som har barn, og som hadde låg inntekt før dei vart uføre. Tidlegare i haust føreslo regjeringa å avvikle skjermingstillegget i alderspensjonen for uføre. Som uførepensjonist vert ein automatisk alderspensjonist ved fylte 67 år, og kan ikkje velje å jobbe lenger for å kompensere for levealdersjusteringa i folketrygda, slik friske, eldre arbeidstakarar kan. Å vere ufør er ikkje eit val, og det er urimeleg at uføre skal få dårlegare alderspensjon fordi nokre arbeidsføre vel å gå av med ein låg pensjon tidleg i 60-åra.

For mange av våre medlemmar har tidlegpensjon vore ei verdig avslutning på eit langt arbeidsliv. Med pensjonsreforma og ny offentleg tenestepensjon forsvinn mogelegheita for å gå av med ein tidlegpensjon som gjev ei rimeleg inntekt livet ut.

Kutta vi nemner her ser ut til å bygge på tanken om at kvar og ein av oss fritt kan velje å stå utanfor arbeidslivet, og at alle vil komme inn att i arbeid dersom det berre vert vanskeleg nok å leve på arbeidsavklaringspengar, uføre- eller alderspensjon. Slik er det ikkje. Folk ønsker å jobbe – å bidra til fellesskapet, og vere ein del av fellesskapet. Arbeidslinja bør derfor handle om å gjere det mogeleg for fleire å stå i arbeid, ikkje om økonomiske insentiv for å vere frisk og fullt arbeidsfør.

Arbeidslivet i Noreg er blant dei mest produktive og effektive i verda, men terskelen for å delta er høg dersom du ikkje kan yte 100%. Norsk arbeidsliv treng alle hender vi kan få i arbeid. I staden for å svekke ordningane for dei som ikkje er arbeidsføre, burde vi starte med tiltak som reelt kan hindre at folk forsvinn ut av arbeidslivet, eller som kan få folk attende.

Eit forslag kan vere å gje arbeidsgjevar meir ansvar i sjukmeldingsperioden, slik at det i større grad lønner seg å legge til rette for at folk kan vere i arbeid – heilt eller delvis.

Fagrørsla er tufta på solidaritet; at vi skal ta ansvar for kvarandre. Dei av oss som kan jobbe, skal bidra til å sikre gode ordningar for dei som ikkje kan vere i arbeid. Vi skal yte når vi kan, slik at der er eit sikkerheitsnett den dagen vi ikkje kan stå i arbeid lenger. Derfor må vi òg seie frå når stadig fleire fell gjennom sikkerheitsnettet, fordi masker er klipte og nettet raknar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags