Campus Førde skal bygge kunnskap og innovasjon

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI desse dagar er det mange ungdomar som skal søkje opptak til vidaregåande opplæring. Kva retning og linje ein vel får konsekvensar for framtida, og fylkeskommunen har ei svært viktig oppgåve med å gje eit så godt opplæringstilbod som mogleg.

Førde er ein attraktiv stad for mange vidaregåande elevar, og vi er svært glad for at Campus Førde på Indre Øyrane ser ut til å bli ein realitet. Med dette vil både tilboda til elevane og fagmiljøet bli styrka. I tillegg til å huse både studentar og elevar frå ulike fagmiljø er intensjonen at ein skal koble seg opp mot det teknologiske miljøet som er etablert på Øyrane i dag. Dette er noko Sunnfjord Venstre er svært positive til. Campus Førde vil løfte gründerskap og innovasjon i nye Sunnfjord kommune.

Eit nytt campus-miljø vil vere med å styrke elevane og studentane si læring. Det vil også gje synergiar for bedrifter som blir knytt opp mot Campus, om ein legg til rette for gode tverrfaglege samarbeid. Ei god organisering og tilrettelegging av slike miljø vil bygge opp under entreprenørskap, innovasjon og nyskaping for heile Sunnfjord-regionen slik Fosshaugane Campus har gjort det for Indre Sogn.

I regjeringserklæringa blir det slått fast at ein vil styrke innovasjons- og entreprenørkompetansen i heile utdanningsløpet, og stimulere til tettare samarbeid mellom skular, bedrifter og forskningsmiljø. Alt ligg til rette for dette i nye Førde Campus.

Vi oppmodar fylkeskommunen, leiinga ved skulane, bedrifter og teknologimiljø om å tenke i lag for å sikre at Campus Førde blir ein brubyggjar mellom ulike skulemiljø, forskingsmiljø, bedrifter, innovasjonsmiljø og arbeids- og næringsliv. Det blir også viktig å lære av andre samarbeidsprosjekt i fylket som til dømes Fosshaugane Campus, Trivselshagen og Opera Nordfjord.

Skal ein bygge eit godt og innovativt læringsmiljø for framtida må ein vere open for løysingar som er framtidsretta for læring og kunnskapsproduksjon. Det blir også viktig å sjå på moglegheiter ut over det teknologiske miljøet som er på Øyrane i dag, og søke å koble på fleire aktuelle fag- og innovasjonsmiljø.

Sunnfjord Venstre ser fram til den dagen Campus Førde blir ein realitet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags