Unge Høgre, slutt å latterleggjere Sogn og Fjordane!

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Førre veke skreiv eg om kvifor og korleis Høgre si regionreform bør reverserast etter neste stortingsval. Som eit svar til mitt innlegg har nestleiar i Vestland Unge Høgre, Elias Eide, skrive at Senterungdomen bør starte med sine eigne.

Kva han meiner med det er vanskeleg å forstå, i og med at både Sogn og Fjordane Senterungdom og Sogn og Fjordane Senterparti allereie har vedteke at vi skal kjempe for reversering. La det ikkje vere noko tvil om det spørsmålet.

Vidare skriv Eide: «Unge Høgre meiner i utgangspunktet at vi berre skal ha to nivå i Norge; kommunane og staten. Samtidig meiner vi at dei nye regionane er eit foreløpig godt kompromiss (..)»

Med dette bekreftar Eide min påstand om at Høgre tviheld på ei reform dei eigentleg ikkje ville ha, utelukkande for å unngå å tape ansikt. Høgre har programfesta at dei ikkje vil ha regionar, og det er eit sjølvstendig poeng at det er målet som ligg bak Høgre si støtte til regionreforma. Er dagens «foreløpig gode kompromiss», altså tvangssamanslegne gigantfylke, berre eit steg på vegen for å legge ned heile fylkeskommunen for Høgre?

Eide stille også spørsmål om kvifor i Senterpartiet skal vente med folkerøysting og oppløysing til etter stortingsvalet i 2021. Det er sjølvsagt fordi det er naudsynt med eit nytt fleirtal på Stortinget. Å starte ein slik prosess medan Høgre sit i regjering, vil vere lite hensiktsmessig. Høgreregjeringa har vore heilt tydelege på at dei ikkje bryr seg om det lokale sjølvstyret i samanslåingsspørsmål.

Med omsyn til dei nye oppgåvene som Unge Høgre hevdar at regionane har fått, vil eg gjerne ha svar på kvifor Sogn og Fjordane ikkje kunne løyst desse åleine. Rogaland og Møre og Romsdal har fått akkurat dei same oppgåvene som Vestland. Realiteten er at avstanden mellom folk og folkevalde har vorte lenger, og sentralisering er essensen i heile reforma. Det siste gjeld då meste denne regjeringa har vedteke.

Som avslutning på sitt innlegg, forsøker Eide å sparke mot Senterungdomen for å henge seg opp i fylkesnamn. Det vert for dumt. Men, versegod, dersom Unge Høgre ønskjer å starte stortingsvalkampen 2021 med å latterleggjere kampen for å la folket i Sogn og Fjordane avgjere korleis fylket vårt skal sjå ut i framtida, då vil eg seie som Clint Eastwood seier i filmen: Go ahead, make my day!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags