Blir du med på ungdomsløftet?

MOT UKULTUR: Flora ungdomsskule har over år satsa på å skape samhald og ein identitet som ungdommane våre kan vere stolte av. Kulturprosjekta til skulen har vore ein berebjelke i dette arbeidet – seinast uttrykt gjennom den tjuande julekonserten til skulen. Det skriv leiinga ved Flora ungdomsskule.

MOT UKULTUR: Flora ungdomsskule har over år satsa på å skape samhald og ein identitet som ungdommane våre kan vere stolte av. Kulturprosjekta til skulen har vore ein berebjelke i dette arbeidet – seinast uttrykt gjennom den tjuande julekonserten til skulen. Det skriv leiinga ved Flora ungdomsskule. Foto:

Av
DEL

MeiningarUngdomstida har i alle periodar vore ei utfordrande, utforskande og spennande tid. Og når den er over, så ønskjer vi den gjerne tilbake.

Hausten 2018 har vore prega av mange, negative omtalar av Flora – og spesielt Florø sin ungdom. Skadeverk, kriminalitet, rus osv. Vi som arbeider med ungdom har heile vegen åtvara mot for stort negativt fokus på ungdommen vår. Erfaringa vår tilseier at slikt fokus fører til «majoritetsmisforståing»; at alle trur at negativ åtferd pregar ungdomsmiljøet i Florø eller skulemiljøet på byens ungdomsskule.

Dette stemmer ikkje! Vi veit at ungdomar har vore involverte i handlingar som både er av negativ og også ulovleg art. Men dette gjeld dei få, og dei tilbyr vi hjelp. I ungdomstida skal unge menneske frigjere seg frå dei næraste omsorgspersonane sine, og utvikle ein eigen identitet. Stå på eigne bein. Denne «frigjeringsperioden» innbyr til utforsking, og den innbyr til å gjere mange val. Nokre gode og nokre mindre gode. Dei treng gode, støttande og varetakande venner og vaksne i kulissane.

Som Sivert Endestad Orheim så fint sa det på julekonserten 2018: «For MOT og for Flora ungdomsskule er det viktig at alle elevane går ut av skulen med minst ein venn. Venner verkar regulerande, og venner set grenser. Venner er rettleiarar og venner er støtte. Ungdom med venner, treng ikkje rus, treng ikkje kriminalitet, og tar gode val for resten av livet». Sivert og fleire er unge MOTivatorar på Flora ungdomsskule. Gjennom MOT-prosjektet søker skulen å stryrke ungdom til å gjere gode val. MOT nyttar elles ulike verktøy som å bruke lommelykta og ha fokus på det positive, eller å tilby flybensin for å gje andre energi.

Flora ungdomsskule har over år satsa på å skape samhald og ein identitet som ungdommane våre kan vere stolte av. Kulturprosjekta til skulen har vore ein berebjelke i dette arbeidet – seinast uttrykt gjennom den tjuande julekonserten til skulen. Her fekk vi sjå ungdom som stråler – kort og godt strålande ungdom. Og for oss som jobbar med ungdom handlar det om nettopp det – å få alle solene til å stråle.

Men for å styrke dette arbeidet, så treng vi støtte. Når ungdom vert oppfatta som vanskelege, så handlar det oftast om at dei har det vanskeleg. Dei sentrale spørsmåla vert derfor: Korleis kan vi hjelpe ungdom til å gjere gode val? Korleis kan vi støtte ungdom som har det vanskeleg? Korleis kan vi skape eit så inkluderande miljø- ungdomsmiljø, skulemiljø, heimemiljø, nærmiljø, og lokalmiljø at ungdom opplever å høyre til? Korleis kan vi saman skape arenaer for ungdom som dei opplever som meiningsfulle?

Eit kjent uttrykk seier: It takes a village to raise a child eller det krevst ein heil landsby for å oppdra eit barn. Vi går snart inn i eit nytt og ubrukt år. Vi meiner at det er behov for eit «ungdomsløft» i Flora! Flora ungdomsskule er med! Elevrådet, FAU og SU ved skulen blir med! Politiet blir med! Blir du med?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags