God skulepolitikk med fokus på læraren

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.38.000 utdanna lærarar arbeider utanfor skuleverket, som for tida manglar 15.000 med godkjend utdanning. Her trengst at fleire nye lærarar kjem til. Og at færre sluttar.

Det vert gjort mange undersøkingar, og lærarar peikar igjen og igjen på same faktorane. Læraryrket er anstrengande, og den totale belastninga har berre auka gjennom mange år. For mange nye lærarar er første skulejobben eit sjokk. Og erfarne lærarar vert slitne og sluttar.

Gode lærarar ønskjer å kunne arbeide grundig med møtet med elevane, både i klasserommet og elles. Her krevst tid til å førebu læringsarbeidet, til å gjennomgå nytt stoff. Og til etterarbeid. Og til å rettleie elevar etter kva behov kvar elev har. Mindre klassar gjev meir tid til den einskilde eleven. Tolærarsystem også. Men tida til slike arbeidsoppgåver har gjennom mange år kome under aukande press. Det går for mykje tid til møte, evalueringar, rapportar, halvårsplanar og andre planar. Papirmølla veks. Eit lærarkrav er at tvangsinnføring av stadig nye reformer vert stoppa.

I 2014 gjekk tarifforhandlingane over i streik. Kommunenes Sentralforbund ville at lærarane skulle ha auka bunden tid på skulen for å få tid til alle møte. Lærarane opplevde at KS ville påleggje meir arbeid og dessutan redusere retten til å planleggje eigen tidsbruk. Bak streiken låg landvarig misnøye med aukande byråkratiseringa i skulen og umyndiggjering av lærarane. Streiken slo tilbake KS. Politikarane må slutte å blande seg inn i detaljar i arbeidet til lærarane, og verte betre til å lytte til erfaringane lærarar har.

Gjeld generelt: At arbeidsplassen tek ansvar for å lage rom for eigenutvikling, gjer arbeidsplassen attraktiv. Mange som ikkje går inn i eller forlet skulen etter kort tid, fortel at låg løn er ein viktig grunn. Skuleverket er kvinnedominert. Kvinner tener mindre enn menn. Auka lærarløn vil vere eit steg mot å redusere kjønnsskilnadene i lønsnivå.

Lovnader for framtida høyrer til i valtider. Veljarar vil sjå i kva grad lovnader frå siste val har vorte oppfylte. Regjeringspartia har prioritert skattelette, der dei rike får brorparten. Å redusere eller ta bort arveavgift og formuesskatt er presangar dei rike får største biten av. Skattelette undergrev finansiering av viktige fellesoppgåver. Skule er ei av dei største fellesoppgåvene, og ei satsing her krev mange milliardar. Valprogramma syner at venstresida har ein klårt større vilje til å prioritere skule. Og viljen til å ta kritikk og krav frå lærarhald på alvor er nok også størst på venstresida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken