Muslimar i Noreg

- Muslimar er ulike i si tru, i sitt levesett og i si praktisering av religionen sin, til liks med menneske frå andre grupperingar, skriv Inger Jangård. Bildet viser muslimske pilgrimar utanfor Mecca. Foto: Reuters/Ahmad Masood

- Muslimar er ulike i si tru, i sitt levesett og i si praktisering av religionen sin, til liks med menneske frå andre grupperingar, skriv Inger Jangård. Bildet viser muslimske pilgrimar utanfor Mecca. Foto: Reuters/Ahmad Masood Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det kjem stadig fleire muslimar til Noreg, og til Sogn og Fjordane. Vi ser hjarteskjerande scener i media frå menneske på flukt, dei fleste muslimar. Sjølvsagt skal vi hjelpe, sjølvsagt skal vi ta i mot. Og så? Kva så? Her stoggar debatten, i alle fall her på Vestlandet der vi enno ikkje har dei store gruppene. Til dømes i Oslo-området går eg ut ifrå at det på mange område har laga seg ein mal for korleis ein tek imot, og vidare tek i vare og stiller krav på same tid.

Der det debatterast, vert det fort to fløyer, den ein misstenkjer å vere fordomsfull og diskriminerande, og den ein misstenkjer å vere naiv, dumsnill og uvitande. Det skulle vere mogleg å finne argument som ligg ein plass midt i mellom.Treff ein på muslimar på gata, eller har ein muslimsk nabo, treng dette ikkje vere vanskeleg. I beste fall er det til gjensidig glede og nytte. Men ein treng ikkje bry seg. I barnehage- og skulesystemet, som eg kjenner, lyt ein derimot bry seg. Sikkert også i arbeidslivet, og i helsevesenet.

For all del, muslimar er ulike i si tru, i sitt levesett og i si praktisering av religionen sin, til liks med menneske frå andre grupperingar, eller menneske utanfor grupperingar. Men nokre problemstillingar går att, og desse vert ein i stadig større grad konfrontert med. Vanskane møter ein oftast i samanheng med kroppsøving, symjeopplæring, turar og utfluktar og religiøse høgtider. I desse dagar feiring av ID.Fastsetting av dato for ID skjer «sentralt», ofte på få dagars varsel. Dette kan gjere det vanskeleg for elev/arbeidstakar å få tid til å be seg fri. Kor langt skal aksepten strekke seg? Når ein elev er vekke utan søknad, er det då ugyldig fråvere? Skal ein rette seg etter det tal dagar den aktuelle landgruppa tradisjonelt feirar ID? Det kan dreie seg om 1-5 dagar, trur eg.

Kor vidt ein skal godta diverse ynskje i respekt for det einskilde individ, eller sette krav om at deltakarar i det norske samfunnet følgjer våre spelereglar og våre føreskriftar, - ja, om det stridast «dei lærde», dei som jobbar opp mot flyktningar og innvandrarar, og sikkert også folk flest. Er det kanskje på tide med nokre felles køyre-reglar?

Muslimske elevar nektar ofte å ta del i symjeopplæringa. Dei skal ikkje syne seg nakne, eller i badeklede, heller ikkje for det same kjønn, og dei skal ikkje bade i same basseng som det andre kjønnet. Dei kan skaffe seg heildekkande badeklede, men vil gjerne sleppe å sjå avkledde nordmenn. Kva med opplæringslova som seier noko om symjeopplæring? Skal vi leggje til rette for ulike dagar for bruk av symjehallen? Skal ein gi ein ny elev ei tilvenningstid (eitt år?) på å akseptere måten vi gjer det på hos oss? Skal vi late det skure og gå? Skal vi overlate til den einskilde gym-lærar eller den einskilde rektor å ta ei avgjerd?

Kva så i høve den norske eleven som «syt». «Eg vil heller ikkje symje. Eg kan ikkje ha gym. Eg vil ikkje vere med på tur, eg likar ikkje maten». Kva må vel den eleven tenkje om at – når du er muslim, slepp du unna. Vi er vande med eit visst press som ein del av opplæringa. På kjøkkenet som i gym-salen vil vi oppmode om å smake, prøve, sjå på og sidan delta. Mange elevar, kristne/norske som muslimske/nykomne treng tid til tilvending. Det skal vi alltid gi eleven. Hos flyktningar må vi ta særskild omsyn til språkvanskar, traume eller vanskar i livsfasen. Men når det skal overtaling til, eller press, diskusjonar med føresette, då sit den einskilde lærar eller skuleleiar att med dilemmaet, og kan hende dårleg samvit.

Men opplæringslova er klar. Elevane skal ha symjeopplæring. Det er no ikkje lenger høve til å krevje at eleven dusjar i skulesamanheng. Vil det neste bli at symjeopplæringa forsvinn? Vi treng nokre køyrereglar å stø oss til i skulesystemet. Gjerne nasjonale. Alle dei nye problemstillingane krev tid. Tid og folk.             

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken